– Færre flyplassar med ferjefri E39
Det vil vere tøvete ikkje å diskutere flyplasstruktur med ferjefri E39, seier regionsdirektør Jan Atle Stang i NHO.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Nedleggingar med ferjefri E39
NHO sin regiondirektør i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, trur flyplassar som Sandane lufthamn og Ørsta–Volda lufthamn, Hovden, kan ryke med ein ferjefri E39.
Til NRK Sogn og Fjordane seier Stang at regionen må våge å ta debatten om flyplasstrukturen når E39 vert ferjefri.
– Det er klart at når du endrar strukturane på vegsida så må ein nok også sjå på strukturane på flyplassane. Det trur eg vil vere naturleg, seier Stang til NRK.
35 minutt
NRK viser til at det ikkje vil vere meir enn 35 minutt mellom Hovden og Sandane dersom midtre line med bru mellom Anda og Lote, Stigedalstunnel og bru over Voldsfjorden. Dersom valet fell på den såkalla S-svingen med bru over Anda–Lote og E39 gjennom Kvivsvegen, eller indre line gjennom Utvikfjellet, vil avstanden verte ein god time.
– Når det blir så kort avstand mellom kvar flyplass så blir det litt tøvete å hindre ein slik debatt, seier Stang.
Det vert vist til Narvik kommune, der bystyret i Narvik sa ja til å leggje ned flyplassen mot å få Hålogalandsbrua. Dette sambandet gjev 45 minutt reisetid til Evenes flyplass. Subsidiane som vert nytta til flyrutekjøp og til å dekkje underskotet ved Narvik lufthamn, vert i staden nytta i finansieringa av Hålogalandsbrua.