Ventetid på oppkøyring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ventetida for å få lov til å køyra opp hjå Statens vegvesen har gått betydeleg opp den siste tida. Årsakene er delte, men ein av hovudårsakene er at det er valfritt for alle i heile landet å velja kvar dei skal køyra opp. Slikt vert det kø av.  

I Bergen, Oslo og alle dei andre store byane er ventetida endå lenger enn på Voss. Difor kjem byfolket mellom anna til Voss for å ta lappen.  

Ungdommar som har drive øvingskøyringa si på Voss gjennom lengre tid gler seg stort til å ta den siste testen, oppkøyringa. Men, ventetida for å få ta den etterlengta oppkøyringa kan verta lang. Like før påske varsla Statens vegvesen kring ein månad ventetid.  

Sidan Voss har kortare venteliste enn fleire av dei store byane i landet, kjem fleire hit, leiger seg bil og køyrer opp.

LES OGSÅ: Ny opplæring sparer liv 

– Dette er hol i hovudet. Statens vegvesen burde hatt mannskap nok til å ta seg av desse køane, seier køyrelærar Lars K Bonsaksen til Hordaland.  Han tykkjer ikkje noko om at vossaungdomen lyt venta på oppkøyring for at dei som kjem frå byane skal koma seg inn der ventetida er kortast.  

– Dette er med på å laga lange køar, også på Voss, seier den erfarne køyrelæraren.  

LES OGSÅ: Vegdirektoratet vil ikkje gje førarkort til 17-åringar

Ikkje berre Voss
Det er ikkje berre til Voss folk kjem for å køyra opp. Det kan like gjerne vera på Gol eller i Sogndal.  

Konsulent i Statens vegvesen på Voss, Laila Abrahamsen, er ikkje heilt sikker på om valfri oppkøyringstad åleine er årsaka til at ventelista no er lengre enn vanleg.  

– Det er påske med færre arbeidsdagar enn vanleg, snart er mai med mange fridagar att. Folk som går på skule her ynskjer å ta førarkortet før dei forlét Voss for godt. Dermed vert det meir kø på denne tida av året, forklarar ho.  Men Abrahamsen legg ikkje skjul på at ho merkar pågang frå folk som kjem frå andre stader i landet og som vil ta førarkortet på Voss.

 – Me opplever frå tid til annan folk som kjem frå både Bergen, Oslo og andre byar i landet for å ta førarkortet her. Dei er med å bidra til lengre ventetider hjå oss, men slik er dataalderen. Voss trafikkstasjon har fem sensorar som køyrer førarprøvar så ofte som mogeleg, fortel ho.

Les saka i Avisa Hordaland!