Supert å vera frivillig i påska

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  – Mi påske er å jobbe frivillig i Raudekrossen. Det er ein hobby som gar vorte ein livsstil, forklarar Tom Erik Kristiansen. Denne påska er han operativ leiar for Nord Aurdal Røde Kors Hjelpekorps i Valdres, og har ansvar for leiinga i operative samanhengar, vaktlister og eventuelle leiteaksjonar i området. 

– Eg er i fjellet og på vakthytta så mykje eg kan i påska, seier han.

Flinke nordmenn
Hjelpekorpset er Noregs største frivillige redningsorganisasjon, og denne påska er over 1000 frivillige i beredskap over heile landet.

 – I år er det stor utfart til påskefjellet, sidan det er så bra med snø, forklarar Svein Arne Corneliussen, ved Raudekrossens Informasjonssentral. Sjølv om dei har mange oppdrag i påskeveka, meiner han folk stort sett er gode til å passe på seg sjølve.  

– No som det er fint vêr, er folk flinke til å bruke solbriller og solkrem. Og nordmenn er generelt flinke i fjellet, forklarar han.  

LES OGSÅ: Leikar med livet   

Takken
For Tom Erik Kristiansen er takksemda frå folk som vert henta i fjellet og elles får hjelp, det beste med å vera frivillig.  

– Dei frivillige er ein herleg gjeng, så det sosiale er også veldig viktig, seier han.

– Leiteaksjonar der den vi finn er død er det tøffaste. Men då er vi og med på å gje dei etterlatne ei grav å gå til. Og det gode med å vera i hjelpekorpset veg heilt klart opp for det dårlege, ikkje minst gleda over å finne folk i live.

LES OGSÅ: Stadig fleire rotar seg vekk

God tidsbruk
Tom Erik byrja i hjelpekorpset som 13-åring, mange kurs og dagleg jobb som ambulansesjåfør, har gjeve han rolla operativ leiar. Han oppmodar andre ungdommar som har høve til det, om å verte med i Raudekrossen.

– Då får du brukt tida di rett, det er ein veldig fin organisasjon og det er heller ikkje vanskeleg å verte med i hjelpekorpset, forklarar han. Og legg til at det er berre å ta kontakt med det lokale hjelpekorpset, der ein får obligatorisk opplæring i mellom anna fyrstehjelp. Er ein mellom 13 og 16 år, så er Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp eit godt alternativ.  

– Eg trur det vert herleg, og berre gler meg til å jobbe frivillig resten av påska, avsluttar Tom Erik Kristiansen.  

LES OGSÅ: Frivillig arbeid for 60 milliardar