Kva krim likar Frode Grytten, Ragnhild Kolden og Lars Mæhle?

mm

– Eg held meg til dei gamle, hardkokte heltane. Eg synest at Raymond Chandler, Dashiell Hammett og Ross McDonald framleis er dei beste. Dessutan er tv-serien The Wire den beste krimromanen frå vår tid. Fem sesongar med episk krim som viser korleis sjangeren kan nyttast om ein har talent nok, svarar Frode Grytten.

– Eg likar godt krim der det er gode landskapsskildringar og der det er eit godt språk, seier krimdebutant Lars Mæhle. Han nemner Håkan Nesser, Kerstin Ekman, Michael Connely, Åsa Larsson og Johan Theorin blant favorittane sine.

LES OGSÅ: Ny vår for nynorsk krim

– Eg blir inspirert av Arnaldur Indriðason. Skildringane hans av landskapet er gode og viktige for forteljingane hans, seier Ragnhild Kolden.

Ho likar òg den gamle meisteren Agatha Christie.

– Elles må eg nemna Lars Mæhle. Eg har lese Den mørke porten av han, og er frykteleg begeistra for den, seier ho.

QUIZ: Prøv deg på den store krimquizen vår!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43
ANNONSE