Afrikanske nashorn lever farlegare enn nokon gong. Kampen mot den ulovlege jakta krev òg fleire menneskeliv.

Bergit Sønstebø Svendseid
Bergit Sønstebø Svendseid
Faktaboks

• Hornet til nashorna er sett saman av berre keratin, til forskjell frå andre pattedyr. Nashornet er brukt mykje i tradisjonell asiatisk medisin.
• Heile 80 prosent av nashorna i verda held til i Sør-Afrika. I fjor blei 668 nashorn skotne av sniksskyttarar her, mot 448 året før.
• Nashorn kan vera skikkeleg aggressive, og dei kan plutseleg slå til mot eit passerande dyr eller menneske. Viss det er tørke kan dei angripe dyr som har gått ned til ein dam for drikke.

Les meir på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Nye tal syner at 2013 kan bli det verste året nokon gong for sørafrikanske nashorn. Ifølgje myndigheitene i landet har 158 nashorn blitt tatt livet av ulovleg sidan årsskiftet. Alt for horna si skuld.

Kampen mellom styresmaktene og dei ulovlege jegarane er i ferd med å hardna til. Onsdag kveld melde det sør-afrikanske nyhendebyrået SAPA at tre krypskyttarar frå Mosambik hadde blitt drepne etter at det oppstod ei skotveksling med sør-afrikanske viltvaktarar.

Stille på radioen

Det er tidleg morgon, og safaribilen vi sit i køyrer oppover i fjellsida i Pilanesberg nasjonalpark, nord i landet. Bak rattet sit Christy Sneddon, som er safariguide på Tambotie Forest Lodge.

– Vi veit ikkje kor mange nashorn det finst her eller kor mange som har blitt skotne av snikskyttarar. Styresmaktene fortel det ikkje til oss, fortel Sneddon.

Hemmeleghald har nemleg blitt eit viktig våpen i kampen mot snikskyttarane.

– Før gav vi beskjed over sambandsradioen til andre safaribilar i området når vi såg ein av dei "fem store" [løve, elefant, bøffel, leopard og nashorn]. No får vi ikkje lov til å melde ifrå om nashorn. Vi veit aldri kven som lyttar.

Blir smugla til Vietnam

Heile 80 prosent av nashorna i verda held til i Sør-Afrika. I fjor blei 668 nashorn skotne av sniksskyttarar her, mot 448 året før. Dei fleste blir tatt i Kruger nasjonalpark, som grensar til Mosambik. Dei ettertrakta horna blir smugla over grensa, og dei fleste endar opp i Vietnam.

– Vietnam er verdas største forbrukar av desse horna, og det kjem ikkje til å endre seg med det fyrste om ikkje landet gjer noko med problemet, seier Jo Shaw som koordinerer arbeidet med nashorn i sørafrikanske WWF.

Shaw var i fjor med på å gje ut ein rapport om den ulovlege handelen mellom Sør-Afrika og Vietnam. Ifølgje rapporten blir horna brukt til både medisin mot kreft og andre sjukdommar og seld som statussymbol. 

LES OGSÅ: Eit farleg land å vere kvinne i

Foto: Petter Didriksen

Hogger ut horna

To nashorn står fredleg og tygger gras like ved grusvegen. Christy Sneddon stoppar bilen og lar oss studere dei medan ho fortel historier om nashorn som har blir funne hardt skada, utan horn.

– Mange gonger tar ikkje snikskyttarane seg bryet med å avlive dyra før dei stikker av, fortel ho. Den elles så tøffe guiden får tårer i auga når ho fortel om kva snikskyttarane utsett dyra for.

– Dei berre hakkar ut hornet og lar dyret ligge igjen.

Fleire arrestert

Så langt i år har 61 personar blitt arrestert i samband med ulovleg jakt og sal av horn. I februar blei også ein vietnamesisk statsborgar arrestert på flyplassen i Maputo, hovudstaden i Mosambik. Han hadde med seg seks horn på til saman 17 kilo som truleg kom frå nasehorn i Sør-Afrika.

Både styresmakter og organisasjonar i Sør-Afrika gjer ein stor innsats for å hindre at desse snikskyttarane lukkast. Kvifor klarer ein då likevel ikkje å få tala på drepne nasehorn ned?

– Det skuldast ei blanding av nokre få umoralske vakter i reservata, enkelte korrupte myndigheitspersonar og hardbarka kriminelle grupper frå Asia, seier Shaw frå WWF. Ho meiner det må tiltak til på både vietnamesisk og sørafrikansk side om ein skal bukt med problemet.

LES OGSÅ: – Ei tikkande bombe

Treng internasjonalt samarbeid

Denne månaden har 177 land vore samla i Bangkok for å diskutere korleis ein kan sikre at handel ikkje trugar overlevinga til dyr som nashornet. CITES (kovensjonen om internasjonal handel med truga artar av vill flora og fauna) forbyr handel med horn frå nashorn. Likevel blei fleire nashorn drepne på det afrikanske kontinentet i fjor enn det har blitt på to tiår.

Ved opninga av konferansen sa Sør-Afrikas miljøvernminister Edna Molewa at den einaste måten å bremse utviklinga på, er internasjonalt samarbeid.

– Forsking syner at bandittane som er ansvarlege for snikskytinga i Sør-Afrika kjem frå andre land. Vi må difor samarbeide med naboane våre om både om overvaking og lovgjeving slik at vi får ned etterspurnaden etter horna, sa miljøvernminister Molewa.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Foto: Petter Didriksen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE