Torvund tek saka

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kan ikkje røpa så mykje, seier Helge Torvund. Måndag var det premiere på påskekrimmen til Garborgsenteret.

Ein oppfinnar forsvinn. Poeten og litteraturdetektiven Helge Torvund tek saka og kjem på sporet av Arne Garborg sitt diktarhjul. Gamle Garborg-notat dukkar opp, og ved Knudaheio ligg det siste ordet. Eller gjer det det? Garborgsenteret publiserer påskekrimmen i sju episodar på www.garborg.no.

– Eg har ikkje skrive historia. Det eg har vore med på er å inneha ei rolle. Det er kjempeartig å vera med, og fint å få vera med på å vekkja interesse for Garborgsenteret, seier han.

– Er det for få litteraturdetektivar?

– Det er nok litt for få litterære detektivar, men kanskje er det litt fleire enn ein skulle tru, svarer Helge Torvund.

Bloggen Hvor er alabama? samlar eit fotoarkiv over den siste boka til Torvund, Alabama. Bokdetektivane bak bloggen meiner boka er den som har reist med rundt i verda.

– Les du krim sjølv?

– Eg les litt i ny og ne. Eg er svak for Maigret ( av Georges Simenon) og bøker av Raymond Chandler, og likte òg nokre hardkokte amerikanske krimbøker då eg var yngre. Men det er ikkje noko eg kastar meg over no i påsken. Nokon må lesa lyrikk òg, held han fast.

LES OGSÅ: – Jesus kan ha starta krimtradisjon

– Har du nokre tilrådingar i påsken?

– Kjartan Hatløy er ein sær og underleg poet. Han er veldig fokusert på det poetiske. Kjøkkendikt er den siste boka hans. Elles vil eg tilrå Göran Sonnevi. Eg les på boka Bok utan namn. Den er ekstremt tjukk til å vera dikt – 800 sider. Men så har han jo eit langt liv som diktar.

LES OGSÅ: – Nye nynorskpoetar har noko å seia