Frå leik til arbeid

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur eg byrja slik som mange andre. Eg lånte pappa sitt kamera og løp rundt i skogen og laga filmar saman med gutta boys, fortel Steffensen.

Dagen før har han vore ute og skutt nokre scener i ein båt i Norheimsund. Filmen handlar om det å vere barn, om å draumen. No sit Steffensen på kontoret i heimkommunen Meland. Eit nedlagt bedehus husar kommunen sitt største filmselskap.

LES OGSÅ: Fekk jobb etter Titanic-suksess

Skyting og trylling
Rett etter vidaregåande fekk Steffensen jobb her, i selskapet Buss og Media.

Men allereie lenge før det, har ambisjonane vore klare.

– Då eg var 12-13 fekk eg inntrykk av at alt var mogleg å få til med kameraet. Vi lærte oss grunnleggjande triks, prøvde oss på skytescener og tryllescener, fortel Steffensen.

Mellom anna laga han ein film om andre verdskrig då han gjekk på ungdomsskulen. Han har òg laga film om Olav den Heilage og fått støtte frå Frifond.

– Då filma vi slagscener frå Seim i Nordhordland, fortel Steffensen.

LES OGSÅ: Her får du støtte til gode idear

– Verdas beste
Så var det dette med ambisjonane då. Kva var målet?

– Eg skulle bli verdas beste regissør, seier Steffensen og ler litt. No er planen litt annleis:

– Eg har framleis lyst til å verte ein veldig god regissør. Eg har og prøvd å halde fast ved den barnlege gleda ved å lage film. Det handlar om å lage berre det ein har lyst til å lage. Eg må verkeleg brenne 110 prosent for å setje i gang.

21-åringen har alltid masse idear. Han har manus til ei rekkje spelefilmar liggjande på datamaskinen. Berre kring 80 prosent av ideane får passere og vert realisert.

I tillegg til jobben i produksjonsselskapet Buss & Media, driv han med eigne prosjekt i sitt eige firma Steffensen Film.

LES OGSÅ: Konservativ og mjukpornografisk

Praktisk skule
Steffensen har ikkje tatt noko utdanning etter vidaregåande og peikar på at han dermed er i same situasjon som fleire andre innan filmverda.

– Mange av dei beste regissørane i USA har ikkje utdanning, men det er mogleg eg tek noko meir utdanning etter kvart. Førebels lærer eg svært mykje ved å jobbe. Folk lærar på ulike måtar. Eg lærer ved å hive meg ut i ting og gjere ting praktisk, og finne ut av ting sjølv. I tillegg leser eg meg opp på internett og høyrer med erfarne folk i bransjen.

LES OGSÅ: Meir vaksne enn dei vaksne

Førebilete
Steffensen sitt største førebilete er Steven Spielberg, om han berre må nemne ein. 

– Eg har alltid vore glad i filmane hans. Det handlar om forteljarglede og magi.

Målet framover er klart:

– Eg har store mål om å kunne lage ein eller fleire kinofilmar. Og ein treng ikkje dra over dammen for å lage film. Eg har idear og manus, og skal sjå når tida vert riktig.

Sjølv er han til no mest fornøyd med filmen Dødsone (sjå under). Det er ein zoombiefilm og filmen vann Amanduspris under kortfilmfestivalen i Grimstad.

– Det var ei fin oppmuntring å få. Å få ein klapp på ryggen ein gang i blant, er viktig – men det må ikkje verte for mykje. Då kan ein verte litt høg på seg sjølve. Det er viktig å ha litt audmjukheit for det ein held på med.

LES SISTE FILM-NYTT HER!