Ein konsert gav sju festivaljobbar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skaper vestlandsk festivalhistorie

– Det er utruleg kult. Me synest det blir veldig kjekt. No blir karrieren verkeleg sett i gang. Me får eit unikt høve til å visa oss fram til eit stort spenn av publikum, seier vokalist og gitarist i Yuma Sun, Jaran Hereid til Framtida.no.

Førre helg spelte bandet på festival- og musikkbransjetreffet "100dagar" på Stord. Her spela 21 band på to scenar over to dagar, og over 15 festivalleiarar frå Vestlandet var samla.

Yuma Sun blei valt ut som festivalane si første vestlandssatsing. Dei fem bandmedlemmane kjem frå Karmøy og Bergen.

LES OGSÅ: Fridom og galskap

Første gong i Noreg
Under fjorårets arrangement blei fleire av dei deltakande festivalleiarane samde om å saman gi eit band frå Vestlandet høve til å spela på fleire av festivalane og soleis vera eit springbrett for vidare musikksatsing.

– Dette bandet får ein heilt unik sjanse, og vil på dei ulike festivalplakatane bli omtala som Vestlandssatssinga; eit band som festivalleiarane i fellesskap har tru på, og ønskje om at skal nå langt. Så vidt me kjenner til er dette fyrste gong eit slikt samarbeid førekjem mellom festivalar i Noreg, seier Håkon Vatle i Stordfest.

– Dei utmerka seg som eit heilt utruleg bra liveband, med sterke låtar og ein unik utstråling og kommunikasjon med publikum, held han fram.

Totalt 60 band søkte å bli med på 100dagar i år, og fleire festivalar og større management har fått augo opp for arrangementet.

Til Hovefestivalen
I år, som i fjor, var også bookingansvarleg Toffen Gunnulfsen tilstades for å velje ut eit band til Hovefestivalen. I etterkant av årets arrangement uttalte han at ”100dagar” overgår Bylarm.

Og Yuma Sun blei plukka ut til spelejobb på Hovefestivalen.

– Ein stor ekstrabonus på ein veldig stor arena, seier Jaran Hereid fornøgd til Framtida.no.

Ørkenrockarane har spela saman i underkant av to år, og spelte sin første konsert for under eitt år sidan. I haust gav dei ut plata Romanza. Sidan den gong har det blitt fleire konsertar.

Forfattaren Tore Renberg har sagt dette om bandet:

– Dette kan bli stort. Dette kan bli skummelt stort. Sist gong eg hadde denne følelsen var vinteren 2001. Då såg eg Kaizers Orchestra for første gong.

LES OGSÅ: Syskenkjærleik

Satsar 100 prosent
Denne månaden har karrieren verkeleg sett fart. 1. mars spela dei på Kvarteret i Bergen for nær 200 i Teglverket på den førebels største konserten deira. Sist veke blei dei kåra til vekas urørt på P3.

– Det blir eit hektisk år. Me har òg på gang ei ny plate som me skal spela inn i eit av landets beste studio. Me skal spela inn plata live på tape og skikkeleg utstyr, fortel Jaran Hereid.

– No skal me satsa 100 prosent dei neste tre åra, seier vokalisten i bandet.

LES OGSÅ: – Festivalar på bygda meir lønsamme enn i byane

Faktaboks

Yuma Sun er:

Jaran Hereid – akustisk gitar og vokal
Bjørn Ognøy – baryton gitar
Simon Kjelsvik – kontrabass
Andreas Dyraas – trommer
Espen Lund – gitar

Dei seks vestlandsfestivalane som har booka Yuma Sun er:
• Skånevik Bluesfestival
• Periferifestivalen
• Festidalen
• Vikedal Rootsfestival
• Tysnesfest
• Stordfest

Festivalane har til saman mange tusen publikummarar. Berre Skånevik Bluesfestival har 15000 publikummarar.