Rar i trynet

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka har Stortinget stemt ned eit forslag om å vurdere innføring av republikk i staden for monarki i Norge. Ikkje ei bombe det, akkurat, men det var likevel litt artig å følgje nokre av debattane om dette i radio og TV.

Forslagsstillarane visste godt at dei ikkje ville få fleirtal. Og fleirtalet visste godt at dei ville vinne. Men fleirtalet måtte likevel argumentere for noko dei ikkje er vane med å argumentere for.

Og det var litt fint. Og litt underhaldande.

Som Pelle Parafins Bøljeband så treffande formulerte det i tv-serien «Serum serum» i 1980: «Folk blir så rare i trynet sitt når de må snakke sant.»

Noko av dei same kunne du merke i monarkidebatten. I dette tilfellet handla det ikkje om at folk måtte snakke sant. Men folk blir også litt rare i trynet sitt når dei må argumentere for noko dei ikkje er vane med å argumentere for, sidan det alltid har vore sånn og alle berre går utfrå at det skal vere sånn.

Ikkje like snertent formulert som Pelle Parafin, dette. Eg ser det. Men du forstår poenget.

Folk seier mykje rart i slike debattar. Sånt som at dette er prinsippielt feil men det funkar jo.

Og det er derfor eg tenker at javel, det er kanskje unødvedig å bruke tid på å fremje og diskutere forslag når absolutt alle veit utfallet av avstemminga på førehand. Men samtidig: Av alle unødvendige ting ein kan diskutere på Stortinget, så er ikkje dette det verste.

Det er fint at folk av og til må forsvare og argumentere for noko dei fleste ser på som sjølvsagt. Slik kan ein finne ut om ein verkelig meiner det, kor djupt meininga stikk, og om det rett og slett kan hende at det finst ein heilt annan måte å gjere det på enn den vanlige.

Dessutan er det meir underhaldande enn eit par andre stortingsdebattar eg kan komme på. 

Så eg ønsker meg fleire forslag om å endre på noko som har vore som det er lenge. Her er nokre forslag som stortingsrepresentantar med tid til overs og halvgode framtidsutsikter kan legge fram på tinget:

FORSLAG:
Vi vil foreslå ein fullstendig gjennomgang av demokratiet som system. Vi har i ei årrekke no hatt stemmerett for alle over atten, og tida er inne for å spørje seg om det eigentlig er ein god idé.

Vi vil utgreie følgjande ordningar:

– Alle må gå gjennom ein kunnskapstest for å få stemme.

– Folk som lar vere å stemme to val på rad, mister stemmeretten.

– Folk som har gått gjennom eit samlivsbrot mindre enn tre månader før valdagen, er ikkje å rekne som stabile og bør ikkje få stemme.

– Folk som kjem fem minutt før vallokalet stenger, tek ikkje valet seriøst nok. Dei bør derfor ikkje få stemme. 

FORSLAG:
Alle veit kva veg stemmeretten går. Stemmerettsalderen går berre nedover. For eit par hundre år sidan var han tjuefem. No er han atten. I staden for å prøve oss fram med sekstenåringar no, og så ta ein ny runde der vi prøver oss fram med femtenåringar om nokre år, kvifor ikkje berre gjere det skikkelig med ein gong? Kvifor ikkje først som sist innføre stemmerett for alle frå og med første skuledag?

FORSLAG:
Kva med å la Stoltenberg-familien styre i all framtid? Det fungerer i kongefamilien.

FORSLAG:
I dag har Norge ei valordning som gjer at stemmer har ulik vekt etter kvar i landet du bur. Ei stemme i Finnmark eller Sogn og Fjordane tel for eksempel meir enn ei stemme i Rogaland eller Akershus. Dette kjem frå ei tid då det var mykje vanskeligare å påverke makta utanfor Oslo enn det er i dagens teknologiske tidsalder. Kvifor ikkje erstatte dette systemet med for eksempel eit system der stemmene til yngre veljarar tel meir enn stemmene til eldre veljarar? Slik vil vi få ei meir framtidsretta samansetjing av Stortinget.

FORSLAG:
Kva om vi avskaffa Stortinget og laga eit system der kven som helst kan foreslå ei lov, og så stemmer alle over alle forslaga på nettet?

FORSLAG:
Sidan det er Stortinget som bestemmer, burde stortingsrepresentantane bu på slottet.

 

Først publisert i Aftenposten 23. mars.

Les fleire tekstar av Are Kalvø her!