Bjella og Real Ones saman på Vinjerock

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange har nok høyrt dei i samspel før, for i 2012 gikk dei rett inn på landets spelelister med låta «Ei ørlita stund». Originalen, ei Real Ones- låt frå 2003, blei gjendikta og fekk ny vokalist i Stein Torleif Bjella. Samarbeidet har bore frukter og dette skal Vinjerockarane nyte godt av under sumarens festival.

Real Ones er inne i ei svært produktiv periode, og i mai slepp dei ikkje berre eitt, men to album. Sidan starten i 1997 har barndomsvenene utvikla seg til å bli eit av Noregs mest særeigne band i kryssingspunktet mellom folk, pop, rock og med klare referansar til verdsmusikk og elektronika.

Stein Torleif Bjella har på si side markert seg som ein unik visesongar og skribent. Mannen frå Ål i Hallingdal har bergteke mange med sine nære skildringar om livet på bygda, og det er ikkje utan grunn at han har fått heidersnamnet «Dei tause menns talsmann».

– Dette blir ei unik konsertoppleving for Vinjerockarane, konstaterer bookingansvarleg John Olav Hovde.

Totalt skal 25 artistar på plakaten til festivalen som går av stabelen 18.-21. juli neste år. Frå før er det kjent at Jaga Jazzist, Black Debbath, Egil Olsen, Hanne Kolstø, Ida Jenshus, Räfven,  Amund Maarud, Valkyrien Allstars med Bigbang, Odd Nordstoga med Ingebjørg Bratland, Honningbarna, Graveyard, Hvitmalt Gjerde, Torgeir Waldemar, Death by Unga Bunga, Tako Lako, Retro Stefson og Håkan Hellström er klare for Vinjerock 2013.