Hurra for vatnet!

I dag, på verdas vassdag, vil eg berre seie takk og hurra for dugg, regn, elv, bekk og fossefall.

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For vassdraga vi har lagt i rør, og som gjer oss tilgong på rein energi og varmar opp husa våre. For alle vassmagasin, som gjer oss moglegheita til å laga mat og spyla ned. Som gjer det enkelt for oss å vaske klede, bortflater, etereiskap og – ikkje minst – oss sjølve i reint, varmt vatn!

For vatnet som kjem ut av springen i ein evig flaum av forfriskande forsyning. Det gir jorda vår næring gjennom regn og dråpar frå ein spreiar, og kjem til oss i form av ei gulrot. Kopp på kopp med te om vinteren, iskolde glas med sitronbåtar i på sommaren. Ein kan berre drikka så mykje ein vil! Ah!

Eg trur ikkje eingong eg treng å peika på kor enormt heldige vi er.

Nyt vatnet, og sjekk ut verdas vassdag her!

Hurra!