Stiller til stortingsval

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magnus og og Erik Eliassen utgjer til vanleg gruppa Sirkus Eliassen. Brørne står no også som nummer ni og ti på vallista for Miljøpartiet Dei Grøne i Nordland, melder Avisa Nordaland.

Magnus Eliassen har markert seg som en motstandar av overforbruk. Sjølv bruker han berre nokre hundrelappar på mat i året. Han praktiserer nemleg såkalt "dumpster diving", og leitar gjennom boskassar for å finna ting som fortsatt kan brukast. Då han var gjest i talkshowet til Anne Lindmo på NRK i haust fortalte Eliassen at han finn alt muleg, alt frå heilt vanleg brød og yoghurt til eksklusive oster og snop.

– For meg handler det berre om å ta vare på det rundt meg, med tanke på naturen og miljøet, sa han.

LES OGSÅ: Finn maten sin i boset

Sist veke jubla Miljøpartiet Dei Grøne for ein oppslutnad på rekordhøge 2,3 prosent på ei meiningsmåling i Aftenposten, og ifølgje TV2 er det ikkje usannsynleg at partiet får ein representant på Stortinget.