Nominert til tysk prestisjepris

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deutscher Jugendliteraturpreis er Tysklands største litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur. Det er ungdomsjuryen som består av ungdom frå heile Tyskland som har nominert boka. Prisen er på 8000 euro og vert delt ut i Frankfurt i oktober. Kaldhol vann prisen i 1988 for debutboka si Farvel, Rune ( i kategorien beste biletbok. Ho delte prisen med illustratør Wenche Øyen).

Søkeord ayotzintli (2010) fekk Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok då ho kom ut i Noreg.

I boka tek ein ung gut livet sitt, men romanen handlar mest av alt om kvifor livet er verdt å leve. Om nettene sit Mikke ved pc-en. Mamma og Idar reiser på ferie til Chile. Kompisane er i gang med russefeiringa. Siri sender tekstmelding, men Mikke svarer ikkje. Han les om små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Nokre klarer seg, andre ikkje.

LES BOKMELDING: Skriv uhyggeleg verkeleg