Farleg i fjellet no

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kulden lagar sukkersnø og med nysnø opp att på, er det ingen ting som held att, seier Knut Skår, leiar for ei storstila øving med redningshundar ved Tyin heile førre veke.

Nær 70 personar og 45 hundar deltok i den store redningsøvinga, og fylket fekk to nye godkjende redningshundar.

– Det kom 45 ekvipasjar frå heile landet totalt, der 19 prøvde å bli godkjende. Me skal mange år tilbake for å finna så god deltaking, seier Skår.

Samarbeid
Veka vart avslutta med ei stor øving laurdag, med deltaking frå Norsk Folkehjelp Årdal, raudekrossavdelingar frå Lærdal, Grindaheim, Nord Aurdal og Høre, sivilforsvaret, Filefjelleisen, luftambulansen og politiet. Operasjonssentralen på Gjøvik koordinerte øvinga.

– Me har fått øvd oss på søking i bratt lende, gjort utfiring av hund frå helikopter og overflatesøk, blant mykje anna.

Skuleklasse
Plottet laurdag var at ein skuleklasse med 16 elevar i alderen 18–20 år frå Årdal var teken av skred. Til denne rolla fekk dei hjelp av ein dansk klasse frå Høgskulen for friluftsliv og turguiding.

– Dei held til på Høgeset seter og har hjelpt oss som markørar heile veke. Som motyting har me undervist litt i skredlære og søk. Så dette blir nok eit fast samarbeid framover.

LES SAKA I SOGN AVIS!