Krev nasjonal folkeavstemming om Oslo-OL

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev nasjonal OL-folkerøysting

Stortingsrepresentant Øyvind Korsberg (Frp) meiner at alle nordmenn bør få delta i ei folkeavstemming om OL fordi det vil bli brukt mykje offentlege midlar.

– Risikoen ved eit OL vil liggje hjå alle skattebetalarar i landet. Ein statsgaranti bør absolutt forankrast breitt på nasjonalt plan, og det kan berre skje ved ei folkeavstemming, seier Frp-talsmannen til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Korsberg, som representerer Troms fylke på Stortinget, seier at han sjølv vil stemme nei til OL i ei eventuell folkeavstemming. (©NPK)

LES OGSÅ: Nord-Noreg negativ til OL på Austlandet

Kva synest du om forslaget?