Kor langt er det muleg å dra heilt gratis?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så langt reiste dei utan ei krone

Jusstudentar ved Trinity College i Dublin i Irland starta ein konkurranse der dei utfordra studentar til å reisa så langt dei kunne utan å bruka pengar. Tidsfristen dei fekk var 36 timar. Målet med konkurransen var å samla inn pengar til eit veldedigheitsprosjekt.

Medisinstudentane Claire Cullen og Matthew Hainbach vann utfordringa, ifølgje den irske avisa Independent. Dei kom seg på eit fly til Buenos Aires i Argentina, og tok så drosje så langt sør dei kom. Etter 36 timar hadde dei kome seg 11.295 kilometer vekk frå Dublin til byen Miramar og vann dermed utfordringa – heilt utan å bruka ei krone – eller kunne eit ord spansk.

På ein akk så nær andreplass, berre 37 kilometer bak, kom laget som enda opp i Bentan i Indonesia.

LES OGSÅ: Europa-Australia på 90 minutt

Overtalingskraft
Studentane viste forbløffande overtalingsevner når dei klarte å overtyda både flyselskap og reisebyrå om å ta dei med verda rundt. Det hjelpte nok òg å kunne visa til at dei drog for ei god sak.

Prosjektet samla inn over 85.000 kroner til Amnesty International og ein katolsk hjelpeorganisasjon.

Dei som reiste absolutt lengst var studentane som kom seg heilt til Australia og Brunei, men den lange flyturen gjorde at dei ikkje rakk 36-timarsfristen.

– Me hadde aldri trudd at studentane kunne koma seg så langt av garde, seier ein av studentane bak prosjektet, Sorcha McCauley (22), ifølgje independent.ie.

LES OGSÅ: Roe ned tempoet, du liksom

Fekk hjelp av Chris de Burgh
Kring 70 studentar deltok i konkurransen, og berre tre par stod att på flyplassen i Dublin utan å koma seg nokon stad. Dei andre kjem heim med mange minnerike historier.

Nokre studentar kan fortelja om togkræsj i Serbia, mista pass i Ungarn, snøstorm i Düsseldorf og tronge lagerrom trailerar som skulle over den engelske kanal, ifølgje time.com.

Den mest oppsiktsvekkande reisehistoria er likevel studentane som kledde seg ut som prestar og sneik seg inn i Vatikanet. Der leverte dei frå seg CV-ar og søknader til ein viss jobb som var ledig akkurat då.

Og korleis klarte studentane å koma seg heim heilt frå Argentina?

Den kjende argentisk-fødde songaren Chris de Burgh tok rekninga. Han er mellom anna kjent for songane “Lady in Red” – og “Don’t Pay the Ferryman”.

LES OGSÅ: Hotell i særklasse