– Treng meir samarbeid
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Få rutinar for vern mot overgrep
At berre fire av 26 kommunar i fylket har utvikla system for vern mot vald og overgrep mot barn og unge, var det mest bekymringsfulle som kom fram i kommunekartlegginga, melder Sogn Avis.
Lite rutinar
– Det var lite system og rutinar for å fanga opp dei svakaste. Det handlar om for lita røynsle rundt dette. Kva gjer ein liten kommune når ei Kristoffer-sak dumpar ned i fanget på dei? Det er det ikkje mange kommunar som har eit system for, seier Line Døsen til avisa.
Saman med Bodhild Cirotzki presenterte ho kommunekartegginga på sjumilsstegkonferansen i Loen på tysdag.
LES OGSÅ: – Ta kvinnelege kriminelle på alvor
Informasjon
Døsen og Cirotzki meiner at det stort sett står bra til i kommunane.
– Det som kanskje overraska mest i denne kartlegginga var at kommunane har meir system på dette enn vi trudde. Utfordringa er om systemet fungerer, seier Døsen.
Dei to meiner det er viktig å arbeide med at informasjonen hamnar der den skal.
– Kanskje rettar informasjonen seg meir mot vaksne. Greier vi å nå ut med informasjonen vår mot born og unge, veit dei kvar dei skal gå dersom dei ikkje har det så godt, spør dei.
Les heile saka i Sogn Avis!