Er du mellom 15 og 18 år og glad i å skrive? Då kan du bli med på gratis skriveleir i sommar.

NPK/NTB
NPK/NTB

Foreningen Norden inviterer ungdom frå heile Norden til skriveleir i Sverige i sommar. 

Leiren går av stabelen i slutten av juli, på folkehøgskulen til Foreningen Norden på Biskop Arnö i Sverige. Over fem dagar kan deltakarane få hjelp av profesjonelle til å utvikle skrivinga si. 

Skulen har drive med skrivekurs og litterære seminar i femti år, og etablerte forfattarar som Karl Ove Knausgård har tidlegare delteke, ifølgje nettsidene til Foreningen Norden.

Deltakarane blir plukka ut på grunnlag av ein innsendt tekst. Fristen er 30. april.

©NPK

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE