Opprop fører til utmeldingar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Den 21. mars skal Stortinget handsame saka om motorferdsel i utmark. I den samanheng har representantar frå Høgre og Framstegspartiet kome med framlegg om å gje meir makt til kommunane i saka. Det betyr i praksis at kommunane sjølve kan avgjere om dei vil opprette trasear til rekreasjonskøyring med snøskuter. Saka har versert i Stortinget i ei årrekkje, men SV har heile tida vore bremsen i saka. No har dei fått meir eller mindre uventa hjelp frå fleire organisasjonar.

Ingen informasjon lokalt 
I oppropet frå dei fem organisasjonane, Den norske turistforeininga, Noregs Jeger- og fiskarforeining, Naturvernforbundet, Norskog og Friluftslivets fellesorganisasjon, som mellom anna omfattar Røde Kors og Skiforeininga, går det mellom anna fram at dei ynskjer forbod mot rekreasjonskøyring. Problemet er berre at dei sentrale organisasjonane ikkje har orientert eller spurt lokalforeiningane.

På Facebook har det blitt oppretta fleire grupper som tek føre seg temaet, og reaksjonane er sterke.

– Har meldt meg ut av NJFF for mange år sidan. Håpar mange fleire ser kva som skjer i denne organisasjonen, og gjer det same som meg, skriv mellom anna Jan Arve S. Myrmo.

Han får støtte av mange, og det er tydeleg at mange faktisk melder seg ut av foreiningane som har sett i gang denne lobbyverksemda. Totalt sett representerer dei ulike foreiningane bak oppropet om lag 750 000 personar, og dei har uttala at alle medlemene står bak oppropet.

LES OGSÅ: Ungdom vil ha meir scooter-politi

Refsar Frifo 
Landsrådsleiar i Røde Kors hjelpekorps, Ole Gladsø, uttalar til avisa Nordlys at debatten rundt lovframlegget er ein politisk diskusjon der Røde Kors hjelpekorps ikkje involverar seg. Han refsar også Friluftslivet fellesorganisasjon (Frifo) for å ha teke alle medlemsorganisasjonane til inntekt for saka.

– At ein felles interesseorganisasjon nyttar den totale medlemsmassen som referanse for eit politisk særstandpunkt, er me ikkje samde i, slår Glads fast og varslar oppvask overfor Frifo.

Noregs Jeger- og fiskarforeining skriv på Facebook-sida si om landsmøtevedtaket deira frå 2003: «NJFF vil vidareføre eit restriktivt syn på motorisert ferdsel i utmark. NJFF støttar hovudintensjonane i dagens lovverk om å minimalisere køyringa samstundes som det leggjast til rette for nyttekøyring».

Oppropet blei levert til Arbeidarpartiet i håp om at partiet vil snu og støtte SV, som er einaste motstandar til forslaget i regjeringa.

– Det er dramatisk om Stortinget går inn for forslaget frå Høgre og Frp, uttalar generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet til Verdens Gang.

Høgres Linda Hofstad Helleland er ein av forslagstillarane. Ho meiner Naturvernforbundet bommar med bekymringa si rundt ei eventuell ny skuterlov.

– Viss dei representerar fleirtalet av det norske folk, slik dei hevdar, burde dei vere glade for at lokalpolitikarane får bestemme. Dei vil då fylgje Naturvernforbundets interesser, seier ho til VG.

– Det er store forskjellar i Kommune-Noreg, og det er ikkje opp til den urbane nikkersadelen å bestemme korleis folk i distriktet skal bruke fritida si. Me skal ikkje gå på akkord med naturinteresser eller skifolkets behov for fred og ro i naturen, heller tvert om, seier Hofstad Helleland til VG.

LES OGSÅ: Gjev blaffen i regelverket

Forstår utmeldingar 
– Eg har full forståing for at mange medlemer i dei aktuelle organisasjonane reagerer kraftig på utspelet som gjev seg ut å vere på vegne av 750 000 medlemer. Det er ikkje det minste rart at fleire melder seg ut, kommenterar Olav Urbø (Sp) i Tokke.

Grunde Seltveit i Skafså er leiar i Tokke Røde Kors hjelpekorps. Han er også styremedlem i Skafså motorsportsklubb. Seltveit reagerer kraftig på oppropet og at dei ulike organisasjonane gjev uttrykk for at dei representerer alle medlemene.

– Ingen i styret for hjelpekorpset var informert, så eg måtte kontakte den sentrale leiinga for å få vite kva eksakt dette oppropet gjekk ut på. Då fekk eg samstundes beskjed om at det var Frifo og ikkje Røde Kors som direkte var ein av organisasjonane bak oppropet. Fleire i hjelpekorpset ringa meg og ville melde seg ut, men heldigvis blei me samde om å gje det litt meir tid og undersøkje sake betre, seier Seltveit.

Organiserte former 
– Kva tenkjer du som leiar i det lokale hjelpekorpset i saka? 

– Me har sjølvsagt ikkje teke noko politisk standpunkt i saka, men alt som er organisert gjer det enklare. Også for oss med tanke på å eventuelt leite etter sakna personar på snøskuter, svarar han.
Skafså motorsportsklubb har i halvtanna år arbeidd med å kartleggje trasear i høve til hytter og gamle ubrukte vegar. 

– I motorsportsklubben er det mange som er viljuge til å bidra for å få skutertrasear, og forarbeidet er gjort slik at kommunen har planane klare om vedtaket skulle bli slik at det blir meir sjølvstyre i denne saka. Det vil vere eit omfattande arbeid å lage desse traseane, ikkje minst med tanke på løyve frå grunneigarane, seier Seltveit.

Han er spent på utfallet i Stortinget 21. mars, men håpar at det blir opna for meir lokalt sjølvstyre.

– Prøveordningane feirar snart 10-års jubileum og enten kan ein seie at ordninga har fungert godt og blir dermed gjort permanent i alle kommunar som ynskjer det. Elles blir heile ordninga avvikla. Det vil vere trist for dei som har hatt ho, seier han.

– Mest av alt er eg likevel svært kritisk til måten dei forskjellige organisasjonane har handtert dette oppropet på. Temaet er ømtolig, og det burde vere kjent. I Tokke er det tverrpolitisk semje om å seie ja til lokalt sjølvstyre. I alle fall var det slik i valkampen, avsluttar Seltveit.

– Ei liberalisering 
Kommunikasjonskonsulent i Noregs jeger- og fiskeforeining, Håvard Andersen, seier til VTB at det var svært mange som kontakta organisasjonen i løpet av helga. Han meiner mange har misforstått oppropet.

– Oppropet inneber faktisk ei liberalisering i forhold til dagens ordning. Me er likevel ikkje viljuge til å gå så langt som forslagsstillarane i Høgre og Framstegspartiet. Men eg skulle ynskje at folk tok seg tid til å lese heile oppropet. Då ville dei sett at me går inn for eit kompromiss. For oss ville det vore praktisk umogleg å kontakte alle medlemene før me stilte oss bak dette oppropet, seier Andersen.

Ein del utmeldingar 
Han fortel at det var ein del medlemer som meldte seg ut i løpet av helga, men at det har roa seg no.

– Det var svært mange som kontakta oss laurdag. Litt færre sundag og den trenden held fram i dag måndag. Eg har elles forståing for at oppropte kan vekke harme hjå dei som er ivrige skuterbrukarar, men eg må samstundes be om forståing for at vår kjerneverksemd er ferdsel i naturen, avsluttar Andersen. 

Les saka i Vest-Telemark blad!