Verdas sterkaste kvinne
Hildeborg Juvet Hugdal auka eigen verdsrekord.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her løftar ho seg til verdsrekord
Den tidlegare verdsrekorden, 206 kilo, sette Juvet Hugdal i august i fjor. Søndag auka ho til 206,5 kilo. Eit halvt kilo verkar gjerne lett for verdas sterkaste kvinne, men når ein løftar over 200 kilo er kvart gram ei ekstra påkjenning.
– Ja, det er liksom den litle ekstra som er tungt. Det er heller ikkje mykje som skal til før det går galt, då det er små marginar heile vegen, seier verdsrekordhaldaren.
I helga møttest fleire tusen utøvarar innan nær 50 idrettsgreiner i Columbus, Ohio, for å vise krefter i The Arnold Sport Festival.
Med ein fersk verdsrekord er ikkje tvil om at den sterke 29-åringen har formen inne. Likevel, ho trur ho kan klare meir.
– Det er mykje som skal klaffe, men på ein god dag med denne formen, tippar eg at eg kan klare ein stad mellom 210 og 215 kilo, forklarer ho.