Bergen får humorfestival
Festivalsjef Sølvi Rolland lover at Humorfest i juni skal bli ein tradisjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er eit kollektivt løft. Mange har bidrege til å få dette til, seier Sølvi Rolland, teatersjef på Ole Bull Scene, og no også sjef for Bergens nyaste festival – Humorfest (6. – 9. juni), med «Morsomme dager mellom de syv fjell» som undertittel.
Over femti artistar fordelte på seks scener er planlagt, og store delar av humormiljøet i Bergen har i lengre tid jobba med å få festivalen opp og stå, skriv Bergens Tidende.
– Eg håpar vi går i null første året. Blir det underskot, har vi buffer for å klare det. Dette skal bli ei årleg hending, seier Sølvi Rolland, som har billettsal og sponsorinntekter som finansieringskjelder til den nye festivalen.
LES OGSÅ: Jakta på Vestlandshumoren
Opningsshowet 6. juni på Ole Bull Scene inneber namn som Frode Grytten, Trond-Viggo Torgersen, Milton Jones, Jan Tore Kristoffersen og Cecilie Steinmann Neess. Idol-programleiar Stian Blipp er hyra som konferansier.
Raske Menn, Bjarte Tjøstheim, Linda Eide, Christine Hope, Vidar Magnussen, Are Kalvø, Espen Beranek Holm, Dag Sørås og Linda Mahala Mathiassen er også blant dei over femti artistane som er booka. Til Den Nationale Scene kjem Else Kåss
Furuseth med showet sitt «Kondolerer».
Festivalen skal også vere ein treffstad for utøvarar og andre i bransjen, med seminar og anna påfyll. (©NPK)