Venner og kjærastar av 22. juli-offera kan ha blitt oversett

Det fryktar psykologar ved Senter for Krisepsykologi i Bergen. No blir dei for første gong tatt med i forsking på sorg og tap. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan ha oversett 22/7-pårørande

Senteret har fått det nasjonale ansvaret for å forske på opplevingar og reaksjonar hos dei etterlatne, og behandlinga dei får frå helsevesenet.

Både foreldre, søsken og venner skal fylle ut eit spørjeskjema tre gonger fram til januar 2015. Føremålet er å kartleggje korleis det går med jobb og skule, med søvn og annan dagleg funksjon, seier forskingsleiar Kari Dyregrov til Bergens Tidende.

For første gong blir dei etterlatne denne gongen spurt om å rekruttere venner og eventuelle kjærastar av avdøde, slik at også dei kan fortelje om tapet og sorga dei lever med, skriv avisa.

LES OGSÅ: – 68-generasjonen kjempa for sine saker, no skal vi kjempe for våre

– Vi har ein mistanke om at dei ikkje blir sett i hjelpeapparatet. I tillegg skal vi undersøkje om partnarar, foreldre, og søsken får nødvendig hjelp og oppfølging. Dette er det viktig å få tilbakemeldingar om, seier Dyregrov. Ho seier tilbakemeldingar frå venner og kjærastar av dei avdøde vil kunne gi ny kunnskap om korleis ungdommar handterer tapet av ein jamaldrande som dei er glade i. Håpet er at resultatet av forskinga kan gjere helsevesenet betre i stand til å vareta dei etterlatne etter 22. juli-terroren.