Røynd og ideal

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det er i det heile teke forvitneleg korleis me i alle ætteledd har hatt ein trong til idealisering og draum, og slik skil menneskedyret seg frå andre dyr. Går ein til sivilisasjonens røter kan ein sjå på den spirande gudstanken som ein av dei første utslaga av denne djupsindige og mystiske delen av vår natur. På den tida var det berre tempelprestane som hadde fortolkingsrett i religiøse saker, gjennom ein slags eksklusiv hot-line opp til den høgare sfære. Idealiseringsevna får i våre dagar derimot sitt utslag gjennom det rådande sjølvrealiseringsparadigmet, med si sørgjelege vektlegging av det ideelle i statusjag, venleik og materiell framgang. Resultatet er at det moderne mennesket byggjer sine liv på eit sviktande babeltårn, kvar fallhøgda blir høgare grunna det store maskeviddet me har på vegne av draumane og ambisjonane våre.

Den sentrale karakteren i William Faulkners Absalom, Absalom! er eit godt litterært bilete på denne tendensen. Hovudpersonen i denne monumentale sørstatsromanen er fullstendig oppslukt av det idealet han har nedfelt som sitt livsmål. Alt han tek seg føre i livet er ein brikke i eit «design» han har utforma. Men livet kan ikkje plasserast innanfor planmessige rammer. Tilværet snor seg i retningar me ikkje kan sjå på førehand, eit liv er fylt av uventa vendingar, og har det med å gå i mot sjølv den mest halsstarrige mellom oss. Til slutt fell då også den idealistiske overbygninga Sutpen har konstruert, og draumen han har aksla den med kverv bort i møte med den verkelege verda, der kven som er heldig, kven som er uheldig, kven som endar opp som rik og kven som endar opp som fattig, kan vere meir vilkårleg enn me likar å tenkje oss.

Livsmålet hans om å grunnleggje ei mektig ætt og eit aristokratisk plantasjedynasti går til bølgjene. I mellomtida har han i strid med livet, verda og eit hierarkisk antebellum-sørstatssamfunn redusert alle medmenneske – familie, vener og barn – til instrumentelle våpen i sitt livs fektekamp. Det interessante med den til slutt tragiske lagnaden til Sutpen er korleis han legg all sin menneskelege energi og jordlege slagkraft i å oppnå eit enkelt mål, som i røynda ikkje er bygd på noko anna enn ei overflatisk haldning til kva som gjev livet verdi. I staden for å gå i mot den samfunnsordninga som krenkjer den menneskelege kjernen i hans indre, innordnar han seg og kjempar med ryggen mot veggen livet i gjennom for å nå eit ideal som berre finst i barndomens tåkeheim, og som han aldri kan nå.

For livet er langt meir gåtefullt enn at det nokon gong kjem til å dreie seg om at berre eg kjem dit eller meistrar dette eller står fjellstøtt i møte med denne utfordringa, så skal tilværet stige fram opnare enn før, fri for motstand og kvide. Den gråe sanninga er at ein aldri vil lukkast i å kappe over den gordiske knuten som livet er.

Ingen andre stader er neglisjeringa av tilværet, det eksistensielle tunnelsynet, like sterkt tilstades som i massemedia. Gjennom ein rik meny av retusjerte modellar, glorifiserte kjendisar og oppsminka livsbilete får me for så vidt eldgamle ideal og draumar servert i ei populærkulturell suppe. Ein fråtsar i draumane våre om venleik, pengar og lukke, og framprovoserer på den måten dagens einfelte og rovdyraktige fokus på å realisere seg sjølv.

Med Kierkegaard kan ein seie at me er mest opptekne av å styrte med hovudet først inn i augneblinkens dans. Som hjå Sutpen blir me oppslukt av draum og ideal og finstiller siktet slik at me går glipp av livets finare detaljar. Til slutt blir me ståande att på bakken med voksvengene under armen og skode mot sola som forsvinn bak horisonten.

Vår eksistens på her på jorda er alt for mellombels til at han treng å koke ned til eit spørsmål om å legge all energi inn i desse forgjengelege tinga, som uansett vil vere eit damoklessverd fordi han blir heldt oppe av falleferdige berebjelkar. Som ein interessant digresjon kan ein peike på at den mest djupsindige idealiseringa som finst må vere martyriet: ein ofrar seg sjølv for ei høgare meining og oppnår gjerne ein høgare eksistens i same slengen. Den mest reinskorne formen for sjølvrealisering må vere noko slikt som ein islamistisk sjølvmordsbombar på veg inn i ei amerikansk ambassadebygning: Gjennom å sprengje seg sjølv i lufta trur han heilt og fast at han hamnar ved enden av himmelens heidersbord, og nøler derfor ikkje med å ofre sin jordlege eksistens for å realisere idealet.

Kanskje er eg litt for bombastisk. Som nemnd i innleiinga er nok dette med å førestelle seg eit slags mønsterbilete på tilværet ein del av sjølve den menneskelege naturen. Til alle tider har nok mennesket bore med seg evna til å førestelle seg med det indre auget, og også å bruke dette som ei rettesnor for korleis røynda bør vere. Dessutan er vel idealiseringa ein del av den menneskelege skaparkrafta og kreativiteten. Tenk til dømes på politiske ideologiar i alle valørar og forgreiningar. Dei har jo alle i seg ein kim til idealisering, eit normativt bilete av korleis samfunnet (og kan hende også mennesket) bør vere. Ein kan jo også vende blikket mot kunsten, og spørje seg kor mykje fantasi som har blitt forløyst ved hjelp av mennesket sin hang til draum og idealisering. Dette er jo også utan tvil ein viktig del av sjølve det å eksistere. Å strekkje seg mot noko anna, å drøyme om korleis ting kunne vere annleis, gjer at vi kan måle dagleglivet med stadig nye og uoppdaga fargenyansar.

Problemet er først og fremst at me knyt fullbyrdinga av våre draumar – og i forlenginga av dette samfunnets idealbilete – så tett opp i mot livet. Ein kan samanlikne oss med trapesartistar, som stadig står akkurat i spranget mellom der me er og det idealet me freistar å nå tak i. Me dømer livet og vår verdi ut frå ein mal som har blitt fastsett av alle andre enn oss sjølve, og let oss fange av desse ideala inntil me kan krysse av for dei ulike krava i sjølvrealiseringas skjema. Slik sett er det ikkje idealet og draumen i seg sjølv det er noko problem med. Eigentleg trur eg desse er positive eigenskapar hjå mennesket. Problemet oppstår når me som Sutpen gløymer at livet ikkje er ein seig kamp me skal utkjempe for å nå fram til eit idealtilvære, og at det uansett aldri blir som me ønskjer: livet har aldri vore og kjem heller aldri til å vere noko som driv sponlett over smul sjø, men er snarare ein uutgrundeleg odyssé av forviklingar, skarpe skjær og omvegar på veg mot tåkefylte strender, som aldri blir heilt slik me hadde tenkt oss det på førehand.

Først publisert på Magasinett!