Det er kamp om folkehøgskuleelevane og derfor må skulane lokke med stadig meir eksotiske turar for å få elevar.

NPK
NPK

Å lese brosjyrane for folkehøgskulane rundt om i landet er som å lese ein katalog for eksotiske reisemål. Blant freistingane finst det terrengsykling i Japan, snorkling på Cuba, paragliding i Mexico, fjelltur i Himalaya og hundekøyring i Alaska.

– Folkehøgskular er private skuler, og derfor treng vi mykje merksemd for å trekkje til oss elevar, seier rektor Dag Folkvord ved Jæren Folkehøgskole, til NRK.no.

– Det er klart at det lokkar meir med India og Vietnam, enn det gjer med England og Danmark, seier Folkvord.

LES OGSÅ: Utfordrande utveksling

Han vil ikkje påstå at ein har godt for langt med stadig meir eksotiske turane.

– Men det er klart at vi tenkjer på at elevane sjølv må betale for desse turane, seier rektoren.

Eitt skuleår med fleire reiser kjem fort på over 100.000 kroner for elevane.

LES OGSÅ: 10 råd til livet på folkehøgskule

Rektor Folkvord er opptatt av at reisene skulen hans dreg på inneheld meir enn bading og soling.

– Vi reiser på studieturar, ikkje ferieturar, understrekar han. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE