Ubetinga suksess
– Heile Fjellsportfestivalen har vore ein einaste stor opptur, seier festivalsjef Odd Eivind Holo.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Strålande vêr heile helga, publikumsrekord, populære nyvinningar og masse positive tilbakemeldingar. Det er den korte oppsummeringa av årets Fjellsportfestival.
Over 1200 betalande deltakarar er meir enn nokon gong. I tillegg kjem alle som berre tok seg ein tur opp i fjellet for å sjå.
– Det er spinnvilt kor mange folk det har vore, seier Holo, som spesielt gler seg over at dei guida turane fall i smak hjå publikum.
Når han skal trekkja fram høgdepunkt frå festivalen, vel han seg ein av fleire populære nyvinningar av året: kinesisk downhill på sykkel.
Ruben Røbekk (17) frå Førde var først i mål av dei tolv deltakande og vann mellom anna ei geit (!) i premie.
Nytt av året var også at den ultimate Fjellsportutøvaren skulle kårast. Den prisen var det Jørgen Bolstad, student i Sogndal, som stakk av med. Han gjorde det best samanlagt i klatring og kinesisk utfor på ski og sykkel.
Ei anna nyvinning, av det litt meir ukontrollerbare slaget, var fantastisk vær og snøforhold under heile festivalen. Tidlegare om åra har det vore så som så, i år vart det fullklaff.
– Det har vore eit eventyr. Det er berre å takka og bukka, seier festivalsjef Holo.
Kinesisk utfor – Fjellsportfestivalen 2013 from BrattMoro on Vimeo.
Fjellsportfestivalen 2013 from BrattMoro on Vimeo.