Her er Oscar-vinnarane
Det blei ingen Oscar på «Kon-Tiki».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oscar for beste framandspråklege film gjekk til den fransk-austerrikske filmen «Amour». Filmen vann tidlegare i år ein Golden Globe, og var under Oscar-utdelinga i Los Angeles nominert for beste film, beste regi, beste manus, beste kvinnelege skodespelar og beste framandspråkleg film.n Produsentane bak filmen er austerrikske og franske, medan språket er fransk.
Amerikanske «Operasjon Argo» blei kåra til beste film under Oscar-utdelinga i Hollywood søndag. Den amerikanske spenningsfilmen er produsert og regissert av Ben Affleck, som også spelar hovudrolla. Filmen er basert på ei sann historie om ein hemmeleg operasjon for å redda amerikanske gislar i iransk fangenskap.
– Eg vil takka våre venner i Iran, som lever under forferdelege forhold akkurat no, sa Affleck i takketalen sin.
Beste dokumentar blei «Searching for Sugar Man», som fortel den utrulege historia om artisten Rodriguez som kjem til Øyafestivalen til sommaren.
Sjå klipp frå «Operasjon Argo» her:
Sjå klipp frå «Searching for Sugar Man» her:
Faktaboks
* Beste film: «Operasjon Argo», regissert av Ben Affleck
* Beste regi: Ang Lee, «Historien om Pi»
* Beste kvinnelege hovudrolle: Jennifer Lawrence, «Kjærlighetenes galskap»
* Beste mannlege hovudrolle: Daniel Day-Lewis, «Lincoln»
* Beste kvinnelege birolle: Anne Hathaway, «Les Misérables»
* Beste mannlege birolle: Christoph Waltz, «Django Unchained»
* Beste utanlandske film: «Amour», regissert av Michael Haneke (Østerrike)
* Beste animasjonsfilm: «Modig «, regissert av Mark Andrews og Brenda Chapman
* Beste originalmanus: Quentin Tarantino, «Django Unchained»
* Beste bearbeidde manus: Chris Terrio, «Operasjon Argo»
* Beste originalmusikk: «Historien om Pi»
* Beste originallåt: «Skyfall», musikk og tekst av Adele og Paul Epworth
* Beste produktdesign: «Lincoln»
* Beste kostymer: «Anna Karenina»
* Beste dokumentar: «Searching for Sugar Man», regissert av Malik Bendjelloul
* Beste kortdokumentar: «Inocente», regissert av Sean Fine og Andrea Nix
* Beste klipp: «Operasjon Argo»
* Beste sminke og hår: «Les Misérables»
* Beste animerte kortfilm: «Paperman», regissert av John Kahrs
* Beste realkortfilm: «Curfew», regissert av Shawn Christensen
* Beste lydbearbeiding: «Zero Dark Thirty» og «Skyfall»
* Beste lydmiksing: «Les Misérables»
* Beste spesialeffektar: «Historien om Pi»