Romturist vil til Mars i 2018
Den første romturisten i historia, Dennis Tito, har planar om å sende menneske til Mars i januar 2018.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tito vart den første sivilisten til å reise ut av jordatmosfæren da han betalte 20 millionar dollar for ein tur til Den internasjonale romstasjonen i 2001. No er Mars neste stopp, men mest truleg utan å lande på planeten, skriv astronominettavisa Universe Today.
Tito har no skipa stiftinga The Inspiration Mars Foundation, som skal stå for prosjektet. Når jorda og Mars er optimalt plassert i høve til kvarandre i januar 2018, skal stiftinga sende ein bemanna ekspedisjon på ei 501 dagar lang reise, går det fram av ei pressemelding Mars-stiftinga sende ut torsdag.
LES OGSÅ: Trur universet går ut på dato
Tito har kalla saman til ein pressekonferanse om prosjektet onsdag 27. februar.
Ei anna stifting, Mars One, har tidlegare gjort kjent at dei arbeider for å få reist ein bemanna base på Mars i 2023. (©NPK)