Mogleg å tredoble syklinga
Syklinga i Noreg kan nærme seg dansk nivå om berre sykkelnettet er godt utbygd og har god kvalitet, viser ein ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgdeforskjellane og det kaldare klimaet i Noreg gjer det mindre attraktivt å sykle i Noreg enn i pannekakelandet Danmark, men elles er det ingen andre faktorar enn vegkvaliteten som hindrar sykkelaktiviteten i norske byar, viser rapporten, som Civitas har laga for Samferdselsdepartementet.
Med gode sykkelvegar kan Noreg komme opp mot nivået i Danmark, som er 15 prosent på landsbasis og 25 prosent i København. I Noreg er sykkelprosenten 4,3.
Om vi doblar sykkelaktiviteten innan 2023, er klimaeffekten på 0,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar, går det fram av rapporten. Det svarer til rundt éin prosent av dei samla årlege klimagassutsleppa i Noreg og fem prosent av utsleppa i vegtrafikken.
Etter klimaforliket i Stortinget i fjor har regjeringa plikta seg til å auke dei årlege løyvingane til gang- og sykkelvegprosjekt frå rundt 300 millionar i 2012 til 600 millionar kroner innan 2017. (©NPK)
Kva meiner du skal til for at me skal sykla meir her i Noreg?