Lagar filmfestival på fjelltopp

Med lerret av snø inviterer Snøfilm til filmfestival på Børrenøse 1200 meter over havet ved Tyin-Filefjell.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du oppheld deg i området rundt Tyin-Filefjell i helga kan du kombinere skileik i bakken med ein filmfestival litt utanom det vanlege.

– Programmet er spekka med gode filmar. Her blir det gamle klassikarar frå 80- og 90- talet, Pingvin-maraton for ungane og grøssarar for dei som helst ser at nakkehåra reiser seg på høglys dag, fortel Magne Grihamar i Tyin-Filefjell Utvikling, som står bak den nye festivalen.

I alt står det eit tjuetals filmar på plakaten, og det blir høve til å nyte programmet både inne og ute.

Utekino 1200 meter over havet!
På toppen av Børrenøse blir det utekino i ville og vakre omgivnader.

– Snøamfiet på toppen av Børrenøse vil gi publikum ei filmoppleving utanom det vanlege, fortel Magne Grihamar. Filmane blir vist på eit stort lerret laga av snø. Her er det berre å pakke seg inn i godt med klede, spenne på seg skia og ta heisen til topps. Viss godvêret kjem som lova er det duka for spektakulær stemning, med fullmånehelg og sol i ein herleg kombinasjon.

For dei som føretrekk varmare omgjevnader vert det vist filmar på Filefjellstuene og Tyinkrysset fjellstue gjennom heile helga.

«Afterfilm» på kveldstid
I tillegg til eit fullspekka filmprogram kan dei over myndigheitsalder glede seg over at festivalstemninga fortset på kveldstid.

– Vinjerock stiller med ei spesialutgåve av «Aasmunds Diskobar» både fredag og laurdag, spesielt tilpassa Snøfilm, fortel Grihamar.

Les siste filmnytt her!