80 prosent veit ikkje kven dei røystar på

Berre ein av fem veljarar kjenner namnet på listetoppen til partiet dei røystar på, viser undersøking.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veit ikkje kven dei røystar på

– Det er sak og parti som er mest viktig. Kven som står på listene, bryr me oss mindre om, seier valforskar Toril Aalberg til Nationen.

I ei undersøking Sentio har gjort for avisa seier 27 prosent at dei trur dei veit kven som toppar stortingsvallista til partiet dei stemmer på, men ein av tre oppgir feil namn. 73 prosent innrømmer at dei ikkje veit namnet på listetoppen.

Det er folk i Aust-Agder som har best kunnskap om kven dei stemmer på, og av politikarane er det Heikki Eidsvoll Holmås som toppar lista. Så mange som 55 prosent av SV-veljarane i Oslo veit at dei stemmer på han, medan berre 30 prosent av Ap-veljarane veit at Jens Stoltenberg toppar lista i Oslo. (©NPK)