Svevar framleis over vatna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

« – Kva er det som skal til for å redde verda? sa eg. – Har du noka oppskrift? – Det trengst skrujern, sa Munk. – Ei mengd skrujern. Så må vi kommunistar gripe makta og skyte alle faens jævlar som vil ha verda slik ho er, og så må litteraturen bli betre. Forfattarane må skrive betre bøker. Det er mykje det det står og fell med»

– Eg håper alle har fått kaffi, det er noko av det viktigaste med søndagsskule. Og denne var jo førsteklasses.

Ragnar Hovland sit godt i stolen inne på Litteraturhuset. Det er søndag ettermiddag. Den utvandra vestlendingen har dei siste 20 åra budd i Oslo, men er tilbake der han er fødd og seinare studerte. Arrangementet «Signe din søndag» skal utover våren invitere profilerte forfattarar til å gjere sin vri på «søndagsskulen», denne vestlandske institusjonen.

«Hovudsaka er at det blir snakka. Og eg er utpeikt av Gud til å gjere det»

Er Ragnar Hovland ein religiøs person?

– Nei, på ingen måte, eg trur ikkje på Gud ein gong.

– Men eg plar seie at eg var ein av ei trufaste benkeslitarane på søndagsskulen, seier han.

Ragnar Hovland ser ut i lokalet, mannen med den underfundige humoren fylte 60 år i fjor. Håret har blitt gråare og rynkene tydelegare, men forfattaren som debuterte i 1979 er stadig like aktiv. Meir enn 40 bøker, innanfor dei fleste litterære sjangrar, har han på samvitet.

Tilbake til Munk si oppskrift. Kan litteraturen vere eit verktøy for å redde verda?

Ragnar Hovland tenker seg om.

– Det er veldig få tilfelle der ein kan peike på det, men enkelte bøker har hatt stor betydning politisk og samfunnsmessig. Som bøkene til Charles Dickens, dei ville betre livet til fattige i Storbritannia. Eller «Onkel Toms hytte». Desse var samfunnsomveltande.

Så når Munk meiner at litteraturen må bli betre så er det meir ein kritikk av middelmådige forfattarar?

Ragnar Hovland nikkar.

– Ja, det er meir det.

Det glade 70-tal

«Eg hugsar at alltid når noko gjekk til helvete så skulda vi det på Arbeidarpartiet og på Gerhardsen. Når ein veg raste saman så sa vi at no hadde Gerhardsen vore her att. Og når det regna i førti dagar og førti netter utan stans, så sa vi at nå får nokon ta og gjere noko med han Gerhardsen. Og når det var ei jente som var på tjukken og ikkje var gift, så sa vi at no har Gerhardsen vore her med sakene sine att»

Ragnar Hovland var student i Bergen på 70-talet, ei radikal periode i heile landet. Det var meir enn legitimt å kalle seg kommunist, folk trudde på store forandringar i verda, og den anti-autoritære tidsånda låg som eit teppe over universitetsområdet i byen. I mange år kalte ein området berre «Lenin-Høyden».

– Ja, det var ei veldig raud periode, med veggaviser på Studentsenteret og masse demonstrasjonstog. Raude flagg. Dei konservative hadde det ikkje lett, utbasunerer Hovland.

Hovland nippar til raudvinsglaset, lener seg tilbake. Vi sit inne i bokhandelen på Litteraturhuset i etterkant av møtet. Han held fram:

– Eg var aldri medlem av AKP-partiet, men tilhøyrde absolutt venstresida, då kanskje meir som anarkist. Ein rettruande.

LES OGSÅ: Du kan aldri sleppe unna familien

Den store studentromanen?

«Det var ein fyr som hadde sagt til meg: Kvifor begynner du ikkje på universitetet? Der kan du gå i år etter år og likevel ikkje bli til noko når du er ferdig»

Ragnar Hovland skriv i forordet i den nyaste utgjevinga av «Sveve over vatna»: «Stundom — særleg på enkelte kveldar med eit heilt spesielt lys — får eg ei kjensle av at eg berre har skrive ei bok. Denne. Det er den dei fleste av lesarane mine har lese. Og det er den mange av dei vil eg skal skrive om att. Gjerne kvart år».

– Ja, hadde eg visst kva som gjer den så populær ville eg skrive den om att. Den har truffe eit eller anna som eg ikkje hadde oversikt over. Eg skulle berre skrive ei bok der eg brukte opplevingane mine frå studietida, seier Hovland.

«Sveve over vatna» er lagd til Bergen og universitetet. Meir enn 30 år seinare er boka framleis like aktuell: Ein ung gut frå ei lita bygd på Vestlandet flyttar til Bergen for å byrje på universitetet. Men studiane blir ikkje det viktigaste, snart møter han kommunistleiaren og legenda Munk.

Puling, uløyseleg kjærleikssorg, festar på dei gråaste hyblane, langpils, fyll, tungsinn, ablegøyer og bakrus, er viktige ingredienser for den unge hovudpersonen.

– Det er vanskeleg å seie i prosent kor mykje som er sant, men ein del av det er sjølvopplevd. Boka er meir enn parodi over det politiske livet, sjølv om det var mykje fint med den tida: det var liv og røre, kraftige diskusjonar. Folk meinte noko.

Popkulturelt ikon med eigen Wiki

Karakteren Munk blir ein slags mentor for den unge hovudpersonen. Ein sliten kommunist som kallar seg «doktor», pratar om «når revolusjonen kjem» og som ikkje er framand for å ta i bruk psykoterapi for å løyse kjærleikssorg.

– Mange trur Munk er basert på ein sann person, og hevdar dei kan peike på konkrete personar. Han er meir ei blanding av litterære figurar og reelle figurar. Folk eg har kjent. Mange trur det er Georg Johannesen, det er det iallfall ikkje, seier Hovland.

I åra som har gått sidan «Sveve over vatna» har Munk-karakteren nærast levd sitt eige liv. På internett har Munk fått sin eigen Wikipedia-artikkel.

– Han er litt utanfor min kontroll. Det er spesielt. Eg har brukt han mykje sjølv òg, både i for- og etterord i andre bøker, seier Hovland.

Korleis følest det å ha skapt eit popkulturelt ikon?

– Det følest bra det, ikkje alle får gjort det, svarar Hovland lakonisk.

LES OGSÅ: Jakta på Vestlandshumoren

Kunne aldri skrive boka idag

Trass i ønsket om å ville skrive «Sveve over vatna» fleire gonger, er Hovland usikker på om han ville evna å forfatte romanen idag.

– Eg ville antakeleg ikkje klart å skrive den. Den er veldig prega av samtida. Det er annleis idag, meiner Hovland.

Kva var annleis i di tid?

– Det var ikkje så viktig å gjere det så godt på alle eksamenar. Jobb fekk ein uansett.

Etter åtte år som student tok Ragnar Hovland hovudfag i fransk. Men at han skulle bli forfattar var lenge ein fjern tanke.

– Det tok si tid, men eg hadde ei slags drivkraft i meg frå tidleg alder. Livet som forfattar kan vere frykteleg keisamt, ein sit ofte og stirrar i ein tom veg, seier Hovland.

– Det tok fire-fem bøker før eg våga å kalle meg forfattar, legg han til

Kva kalla du deg før det?

– Då var eg Mister Nobody, seier Hovland og ler.

Nynorskmann og kultperson

«Du som er slik ein språkekspert, sa eg. – Det er noko eg har lurt på. Det der med krikar og krokar. Eg veit jo kva ein krok er, men kva er ein krik? Munk peikte på ein krik. -Det er ein krik, sa han. – Det burde du ha visst. Eg skjemdest, og skunda meg å kome inn på noko anna»

Når ein snakkar om forfattaren Ragnar Hovland er det vanskeleg å kome utanom det vestlandske av det vestlandske, nemleg nynorsken.

– Då eg starta å skrive skifta eg mellom bokmål og nynorsk. Så gadd eg ikkje meir og landa på nynorsken. Eg fann ut at dei bøkene eg ville skrive måtte ha det vestlandske språket under, seier han.

Sidan debuten har Hovland fått mykje heider. I fjor fekk han den gjeve Aschehoug-prisen. Kva tenker han om alle desse prisane?

– Du meiner at det byrjar å nærme seg slutten? Nei, Aschehoug-prisen er ikkje noko du får for eit avslutta livsverk. Forfattarar skriv ofte sine beste bøker når dei rundar 50, statistisk sett har eg kanskje ei tiårsperiode att.

Godt å vite?

– Jo, det er det. Bluesmusikarar er jo på sitt beste rundt 90-årsalderen.

Hovland har klart kunstykket å vere kultforfattar samstundes som han har vore med i bokklubbar. Den surrealistiske humoren, lagt til vestlandske omgjevnader, med eit rikfoldig persongalleri har gitt han kultstatus.

– Eg plar seie at eg ikkje brukar humor. Anten kjem det, eller så kjem det ikkje. Eg sit ikkje og prøver å vere morosam, det er ubehageleg. Kanskje med unntak av revytekstar, då er det litt vekkasta å ikkje tenke på å vere morosam, seier han.

«Vi skulder alle Gud ein død, slik vi skulder Lånekassen eit semester vekttal»

60 år har han altså blitt, denne vestlendingen, mannen med dei småsurrealistiske tekstane, som med bandet «Dei nye Kapellane» også har turnert som musikar.

– Vi tenkte først på å heite «I'm Gonna Be a Country Girl Again», men det vart for langt. Så kom vi på det andre.

Du seier du kanskje har ti år att å skrive. Kva tenker du om det å bli eldre?

– Det er eit helvete. Som å leve i ein permanent skrekkfilm. Alderdommen, som alle peikar på, er motsetninga mellom det indre livet og det fysiske forfallet. I hovudet er eg framleis 24 år.

«Mennesket, tenkte eg, dette underlege dyret som svevar over vatna. Det går både opp og ned med det, men ein sjelden gong når det heilt svimlande høgder av stordom»

(Alle tekstutdrag er henta frå «Sveve over vatna»).

Les saka i Studvest!