Fleire unge med låg inntekt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blir stadig fleire ungdommar og unge vaksne med vedvarande låg inntekt. Nesten ein tredel av dei med låg inntekt i perioden 2009-2011 var mellom 18 og 34 år.

Det er dei i alderen 18– 34 år som i dag har størst fare for å ha vedvarande låg inntekt, fortel Statistisk sentralbyrå. I perioden 2009-2011 hadde 11,4 prosent i denne aldersgruppa låg inntekt, mot 7,7 prosent i heile befolkninga.

Delen personar i befolkninga som høyrer til i eit låginntektshushald, har gått litt ned dei siste åra. Frå treårsperioden 2006-2008 til 2009-2011 har delen falle frå 8,2 til 7,7 prosent. Dette svarar til ein nedgang på om lag 9.000 personar.

Av dei 74.000 borna som høyrer til familiar med låg inntekt, er 34.000 frå innvandrarfamiliar.

I 2004-2006 var det 16,9 prosent av eldre over 67 år som hadde låge inntekter, medan det i 2009-2011 var redusert til 11,1 prosent.

Les meir om privatøkonomi her!