Asteroiden kjem rekordnært

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er litt nifst å tenkje på at asteroiden som no rasar fram gjennom verdsrommet, vil passere så nær jorda at han går under satellittane som mobiltelefonane våre bruker. Aldri før har ein kjent asteroide passert jorda så nær. Men farleg er han ikkje.

Asteroiden er ei steinblokk som måler 45 meter i diameter og veg omtrent 130.000 tonn. Han held ein fart på 100.000 kilometer i timen, og det ville bli ein katastrofe av bokstaveleg talt astronomiske dimensjonar, dersom han trefte oss.

Det gjer han derimot ikkje, sjølv om 2012 DA14 – som asteroiden heiter – fredag kveld norsk tid ifølgje den amerikanske romfartsadministrasjonen NASA passerer jorda i ein avstand av godt og vel 27.000 kilometer. Så denne gongen går det bra.

LES OGSÅ: Vil leita etter store mengder gull på asteroidar

Treffer
Men det er det langt frå sikkert at det alltid vil gjere når slike himmellekamar nærmar seg, seier asteroidejeger og tidlegare astronaut Ed Lu ifølgje nyheitsbyrået Ritzau.

– Asteroidar treffer jo jorda heile tida, påpeiker han.

Men som regel er det snakk om så små steinbitar at dei brenn opp i atmosfæren, eller ikkje gjer nokon skade når dei treffer planeten vår. Likevel har det skjedd før at større asteroidar har ramma planeten vår, med katastrofale følgjer.

I 1908 eksploderte ein asteroide over Tunguska-området aust i Russland og utsletta alt liv i eit område med omtrent same utstrekning som storbyen San Francisco. Eksplosjonen hadde ei sprengkraft rundt 1.000 gonger så stor som atombomba over Hiroshima i Japan i 1945.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Risiko
– Det er ein risiko på 50 prosent for at ein ny eksplosjon i same storleik vil ramme jorda i levetida til menneske som no er middelaldrande, spår Ed Lu. Han vil ikkje skape panikk, men anbefaler heller ikkje at ein lener seg tilbake og tar det heile med ro.

– Dersom ein speler rulett heile dagen, endar ein før eller seinare på feltet null, seier Lu. Han har gjort det til ei livsgjerning å kartleggje asteroidane som truar jorda, og håpar på den måten å bidra til å avverje ein katastrofe.

Astronomar seier ifølgje nyheitsbyrået DPA at asteroidar kan ha ein diameter på mellom nokre få meter og 1.000 kilometer. Talet på asteroidar blir anslått til rundt 100.000, og dei fleste kretsar rundt sola i banar som passerer mellom planetane Mars og Jupiter.

Sjå video (engelsk) frå NASA om asteroiden 2012 DA14:

Faktaboks

Fakta om asteroiden 2012 DA14
• 45 meter i diameter
• Består av stein
• Passerer 27.700 kilometer frå jorda 15. februar klokka 20.26. Utanfor atmosfæren, men 8.000 kilometer nærmare enn satellittar i geostasjonær bane
• Hastigheita målt frå jorda vil vere 7,82 kilometer i sekundet, eller 28.200 kilometer i timen
• Asteroiden blei oppdaga ved eit tilfelle av ei gruppe amatørastronomar i Spania då han passerte jorda i februar i fjor
• Les meir på Nasa sine sider

• Dei fleste kjende asteroidane går i banar mellom Mars og Jupiter, der det truleg finst 1—2 millionar av dei. Fleire enn 100 000 asteroidar er sannsynlegvis tilstrekkeleg lyse til at vi kan gjere fotografiske observasjonar av dei. Nokre titals tusen er oppdaga, men færre enn 10 000 har fått namn, av desse har 13 norske namn.
• Ceres, som vart oppdaga av G. Piazzi i 1801, er den største med ein diameter på 936 km. Omkring 200 asteroidar har diameter over 100 km.
• I dei siste åra er meir enn 500 asteroidar oppdaga i Kuiperbeltet i dei ytre delane av solsystemet. Frå tid til annan passerer ein asteroide relativt nær jorda, og sjølv om det er svært lite sannsynleg at han vil kollidere med jorda, kan ein heller ikkje sjå heilt bort frå at det kan skje ein gong i framtida.
• På Internett publiserer NASA ei datofesta liste over slike nær-jorda-asteroidar (Potentially Hazard Asteroides). Ingen kjende asteroidar utgjer noko trugsmål for jorda dei nærmaste 100 åra. 12. februar 2002 landa romsonden NEAR Shoemaker på den vesle asteroiden Eros.
Les meir på Allkunne!