Roe ned tempoet, du liksom

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På den andre sida: Kven sine opplevingar skal ein elles generalisere utifrå? Ola Borten Moe sine? Det skulle tatt seg ut.

Derfor, vel vitande om at eg generaliserer utfrå mine eigne opplevingar, slår eg no fast at det er blank løgn når folk seier at det fine med ferie er å roe ned tempoet. At ting går saktare. At det ikkje er noko stress.

For ja, eg er på ferie. I utlandet. Og eg veit at det i seg sjølv er ein provokasjon når dei fleste av lesarane mine er i Norge, i arbeid og i februar. Eg veit at det er klysete og skrytete og teitt å skrive om at ein er på ferie langt unna Norge i ei årstid då Norge er på sitt mest slapsete.

Nettopp derfor mistenker eg at du vil finne glede i å høyre om alt som har gått gale så langt denne ferien.

Og alt som har gått gale, har gått gale fordi folk har gjort det vi seier vi liker med ferie: Roa ned tempoet.

Å roe ned tempoet er oppskrytt. Å roe ned tempoet er rota til alt vondt.

Det begynte naturlegvis med at flyet var forsinka frå Gardermoen. På grunn av snø. Som om vinteren ville gi oss dårleg samvit for at vi svikta han. Greitt nok, vi rakk i alle fall flyet vårt vidare frå London. Så vidt. Så skulle vi mellomlande i USA. Eg veit at dette berre høyrest meir og meir klysete ut. Men hald ut. Eg får straffa mi snart. Veldig snart.

For på amerikanske flyplassar, der har dei god tid. Dei er knallgode på å roe ned tempoet. Der sjekkar dei pass og personlige detaljar og augefarge grundig og i si eiga fart. Då det endeleg var vår tur, viste det seg at det var noko som ikkje stemte i den elektronisk utfylde visumsøknaden. Ikkje noko stort. Ikkje noko farlig. Men det er nok best at de snakkar med nokon i US Immigration. For i USA slepp dei ikkje kven som helst inn i landet. Det ironiske var sjølvsagt at vi slett ikkje skulle inn i landet. Vi skulle tvert imot rett ut av landet. Til eit anna land. For å roe ned tempoet.

Men først måtte vi vente saman med forbløffande mange andre på å få snakke med nokon i uniform, i eit rom der ein TV på veggen fortalde siste nytt om Obamas forslag til strengare våpenlover, som for å minne oss om at dei faktisk har ordentlege problem i dette landet også.

Dei tek seg naturlegvis god tid i US Immigration. Der er dei også gode på å roe ned tempoet. Ikkje noko stress der, nei.

Fire timar seinare fekk vi beskjed om at det var i orden. Vi kunne reise vidare. Men då hadde naturlegvis flyet vårt gått. Dermed måtte vi tilbringe ei natt på hotell i USA, som vi eigentleg ikkje skulle til, fordi nokon ikkje var sikre på om vi burde få sleppe inn i USA.

Det var berre å gjere det beste ut av det, hente bagasjen og finne seg eit hotell. Men du har sjølvsagt gjetta dette for lenge sidan: Bagasjen var i London. For der hadde dei roa ned tempoet. Stressa ned. Tatt seg god tid. Og ikkje fått bagasjen om bord på flyet.

For alt eg veit, er bagasjen framleis i London. Han er i alle fall ikkje her. For folk roar ned tempoet i alle ledd.

Eg skriv dette for at du i framtida skal vere meir forsiktig med å slenge ut av deg utsegner om kor fint det er å roe ned tempoet. Og ikkje minst skriv eg dette for at du skal kjenne det litt betre der du sitt i minusgrader.

Vi snakkast snart. Kanskje. Men sikker er eg ikkje.

Først publisert i Aftenposten 9. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!