Fotballbøker gav betre ordforråd
Å lesa fotballbøker kan trigga leselysten og gje betre ordforråd hos elevar som til vanleg les lite og gjer det svakt på leseprøvar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er konklusjonen etter at elevar på yrkesfag ved Thor Heyerdahl videregående skole i Larvik har gjennomført prosjektet «Leseglede». I prosjektet fekk elevane mellom anna lesa fleire biografiar om kjende fotballproffar som Zlatan og Dagfinn Enerly.
– Vi tok same type test før og etter prosjektet, og resultatet viser at alle klassane no har eit mykje større ordforråd enn før prosjektet starta, seier lærar Sigurd Andersen til Østlands-posten.
Ein av elevane fortel at det er første gongen han har lese ei bok han har likt. Også fleire andre fortel om auka leseglede. For nokre har dei litterære fotballstundene ført til at lesing har blitt ein fast rutine. (©NPK)
LES OGSÅ: Falturlitu satsar på fotball og bøker