Å vaske badet kan vere like effektivt som ein halvtime på tredemølla, meiner treningsforskar.

NPK
NPK

– Ein god husvask, litt effektiv snømåking eller støvsuging er eit godt alternativ til eit besøk på treningssenteret, seier treningsforskar ved NTNU Siri Marte Hollekim til NRK.

Ho meiner det er dei vanlege, daglegdagse gjeremåla som kan utgjere den store helseforskjellen, men peikar likevel på at det er viktig for hjartet å få opp intensiteten.

– Du bør bli andpusten nokre gonger i veka, og gjerne fleire minutt i slengen. Men du treng ikkje kjenne blodsmaken i munnen, seier ho til NRK.

Ifølgje Hollekim kan ein kraftig husvask fint erstatte ein spinningtime som gjer deg sveitt men moderat andpusten.

– Men skal du erstatte ein time med intervallspinning, bør du kanskje vaske tak eller springe i trappene, innrømmer forskaren. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42
ANNONSE