Då eg var på veg

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Då eg var på veg

Eg har aldri hatt lyst til å bli prest. Kall meg sjølvopptatt og overflatisk, men når eg snakkar til forsamlingar, så vil eg gjerne at det skal vere greitt å tulle. Og at forsamlinga skal vere der.

Og no meiner eg ikkje å gjere narr av verken prestar, kirka eller kristendommen. Det ser eg ingen grunn til. Eg har ikkje noko spesielt imot kristendommen. Eg har omtrent like mykje imot alle religionar.

Uansett, poenget var: Eg har aldri hatt lyst til å bli prest. Likevel, trass absolutt alt, så er det ein ting eg misunner prestar.

Og det er formuleringa «Då eg var på veg til kirka i dag, …»

No veit eg ikkje om dette er noko prestar faktisk seier, eller om det berre er parodiar på prestar som seier det. Det kan ofte vere vanskelig å halde desse to tinga frå kvarandre. Men det er heller ikkje viktig. Det eg misunner, er formuleringa.

Då eg var på veg til kirka i dag, …

Det er ein god start. På noko. Eg ser for meg ein undrande kar på kirkeveg. Frakken utanpå kjortelen, kanskje, framleis med smaken av frukostkaffien i munnen. Han har tatt seg god tid. Blikket festa på eit punkt over husa i byen. Han nyt at det er stille i gatene. Sparkar i steinane på vegen. Og så plutselig – det er noko med den steinen, kanskje? – plutselig innser han at han har forstått noko. Kanskje ein liten bit av løysinga på sjølve livets mysterium.

Det er klart eg misunner dette.

Og for all del: Eg er ikkje åleine.

Mange av oss som skriv i avisa og snakkar i radio eller tv, misunner denne formuleringa. Vi har lyst til å vere sånn. Det er ein vanlig dag. Vi gjer vanlige ting, berre oss og dei analytiske evnene våre. Og plutselig forstår vi noko: Ikkje livets mysterium, nødvendigvis. Men pensjonsordninga, kanskje. Eller dette med oljeboring i nord. Eller kvifor det blir regjeringsskifte og kva det vil føre til. Eller ein liten bit av verdens vondskap.

Det er dette vi ønsker oss. Det er derfor vi så ofte bruker formuleringar som liknar på presteformuleringa.

«Ein taxi-sjåfør eg snakka med i dag…» seier vi, om vi har vore på reise og vil vise at vi har snakka med ein nesten heilt vanlig person som gav oss innsikten.

«Då eg var hos min faste frisør..» kan vi seie, viss vi er utanrikskorrespondentar og vil vise at sjølv om vi har viktig jobb og analytiske evner, så må også vi klippe oss. Men det betyr ikkje at vi legg att tankane våre heime.

Vi fortel om ein nabo av oss, eller skulen til ungane våre, eller noko som hendte oss i butikken. Slik at folk skal tru at vi lever like kjedelige liv som dei sjølv om vi har analytiske evner.

Ofte seier vi sånt berre for å skryte, for å vise at vi kjenner kjendisar eller lever meir interessante liv enn andre.

«Då eg snakka med statsministeren om dette…» kan vi seie.

Eller: «Då eg leste ei bok eller såg ein tv-serie som du neppe har høyrt om fordi du ikkje følgjer med like godt som meg…» Vi seier det sjeldan på akkurat den måten, men det er det vi meiner.

Vi er mange som har lyst til å seie «Då eg var på veg til kirka i dag…»

Derfor har eg lova meg sjølv at eg skal skrive ei sånn setning, den dagen eg opplever noko som får meg til å framstå som ein interessant og spennande kar.

No har eg innsett at den dagen aldri kjem til å komme.

Så i staden skriv eg dette:

Då eg var på veg til Nik Kershaw-konsert i Mosjøen denne veka, …

Det er kanskje ikkje ei setning som får meg til å framstå som ein mann med analytiske evner og eit interessant liv. Tvert imot, vil nok nokon seie. Ein del av dykk veit nok ikkje eingong kven Nik Kershaw er. Eg er klar over det. Og eg synest oppriktig synd på dykk.

Og det hadde sjølvsagt vore stilig om eg hadde klart å bruke denne formuleringa til å seie noko vettugt om vår tid, eller om livet sjølv.

Men nei.

Eg skriv det eg skriv fordi det er sant. Eg er på veg til konsert med den gamle åttitalshelten Nik Kershaw i Mosjøen. Og det synest eg er såpass stas at eg ikkje klarer å tenke på noko anna eller skrive om noko anna. Derfor.

Av og til klarer ein ikkje løyse vondskapen eller få folk til å innsjå noko om vår tid. Av og til må ein berre gjere ting fordi det er artig. Og litt dumt. Og rart.

Det er ein slags innsikt. Avansert er det ikkje. Men noko er det. Det er eg nesten heilt sikker på. 

 

Stod først på trykk i Aftenposten 2. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!