Lokkar unge med ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – «Kom deg ut»-dagen er DNT sin nasjonale turdag, der ein har som mål å få folk ut av husa sine og ut i naturen, fortel Stig Øystein Schmidt.

Han er leiar i DNT Ung Luster og har fått med seg resten av friluftslivsklassen ved idrettslinja på Sogndal VGS for å arrangera «Kom deg ut»-dagen foreininga skal halda på Sogn skisenter søndag.

– Barnas turlag vil også ha eit arrangement i skibakken denne dagen, men vårt arrangement er for unge mellom 13 og 26 år. Her vert det kurs i telemarkskøyring og frikøyring, i tillegg til bålkos og skileik. Me planlegg i tillegg å setja opp ei paralell­slalomløype og håpar også å få til fartsmåling i skibakken, fortel arrangørgjengen.

Finn arrangement der du bur!

Kom med det du har
Dei seier ein kan koma uansett om ein har skiutstyr eller ikkje.

– Ein kan koma uansett om ein har med seg rumpebrett eller frikøyringsski. Det kostar ingenting å vera med på dette, og «banktrekket» vert gratis å køyra i denne dagen. Me prøver også å få subsidiert dei som skal vera med på kursa med skikort.

LES OGSÅ: Tilbyr nesten gratis skiutstyr

Informasjon
Arrangementet har ingen bindande påmelding, men arrangørane ynskjer gjerne å få ein oversikt over kor mange som kjem denne dagen.

– Me har laga ei gruppe på Facebook, der folk gjerne må seie ifrå om dei kjem. Så langt er det rundt 20–30 stykke som har gjort dette, så det er god plass til fleire. Dei som ikkje har Facebook kan få informasjon på Luster kommune sine nettsider og på Sogn skisenter si nettsider. Me har også hengt opp plakatar i fleire ulike kommunar.

Dei seier vidare at véret verkar lovande denne dagen.

– Det er meldt opplett og masse snø, så det er berre å bli med oss og ha det kjekt.