Bondelaget meiner Høgre-reknestykke er feil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgre reknar feil på landbruk

Høgre vil ifølgje Bondelaget kutte 1,5 milliardar kroner i jordbruksavtalen. Kuttet skal erstattast med skatte- og avgiftslettar som skal kome bøndene til gode, noko som skal gjere at reknestykket dermed går i null for bøndene. Men Norges Bondelag har no rekna på dette mange gonger, utan å få reknestykket til å stemme, melder Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

– Av skattelettingane som Høgre føreslår vil berre halvparten av dei 800 millionane kome aktive bønder til gode. Det betyr at Høgre reduserer overføringane med 1,5 milliardar kroner og berre ein liten del kjem tilbake i form av skattelette, seier leiaren i Bondelaget Nils T. Bjørke. Han meiner andre lettar ikkje vil kome bøndene til gode. Det har samanheng med at skatteletten skal bli gitt i lønnsinntekter ved å auke minstefrådraget, meiner Bjørke. Bønder ikkje er lønnstakarar og dette vil derfor ikkje ha effekt på jordbruksinntekta, meiner han.

LES OGSÅ: Bønder tener meir utanomgards

Næringspolitisk talsmann i Høgre Svein Flåtten meiner Bjørke tek feil.

– Dei får la Høgre rekne på sin eigen politikk, så får dei rekne på sin eigen. Eg vil ikkje vere med på ein diskusjon der Norges Bondelag får leggje dei politiske premissane. Vi har ikkje sagt at vi vil ta vekk 1,5 milliardar frå landbruket. Vi vil kutte ein halv milliard i investeringsmiddel og litt under ein milliard på tilskota. Det gjer vi fordi vi vil innrette tilskotsordningane på ein anna måte. Vi ønskjer å stimulere til produksjon og lønsemd. Landbruket vil kome styrkt ut av ei borgarleg regjering, seier Flåtten.

Les fleire landbrukssaker her