Så lang tid bruker vi på flyplassen
I snitt brukar vi ein time og tjue minutt på flyplassen når vi reiser med fly innanlands i Noreg. Skal vi reisa utanlands, brukar vi lengre tid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det går fram av ei reisevaneundersøking gjort av Transportøkonomisk institutt omtalt på nettsidene til Avinor.
På innanlandsreiser er det ikkje store skilnader på tidsbruken til forretningsreisande og fritidsreisande, men dette endrar seg når vi skal reisa utanlands.
I snitt brukar utanlandsreisande rundt 1 time og femti minutt på flyplassen. Men her er det større skilnad på om du skal på ferie eller på jobb. Medan to av tre forretningsreisande brukar meir enn ein time på flyplassen før flyet går, brukar nesten 90 prosent av fritidsreisande det same. Heile 40 prosent av dei som skal til utlandet på tur eller ferie brukar frå halvannan til to timar på flyplassen.
LES OGSÅ: – Lønsamt å driva lyntog
Seniorrådgjevar i Avinor Jon Inge Lian meiner det heng saman med at ferien for mange startar når dei kjem på flyplassen og at mange difor tek seg god tid.
– Forretningsreisande gjev seg sjølv mindre tid og ventar kanskje med å kjøpa varer til heimreisa, seier Lian. (©NPK)
Bør ein prioritera auka flytrafikk eller bygging av raskare Bergensbane?