Frå ei leilegheit midt på hippe Grünerløkka høyrest ofte ein fleirstemt versjon av «Kongesangen».

Randi Berdal Hagen, VTB.no
Randi Berdal Hagen, VTB.no

 – Kom igjen, alle må reise seg. Me tek bursdagssongen fyrst.

I stova i Toftes gate i Oslo står ei gruppe på seks personar i 20-åra. Rake i ryggen, ferdigkremta og klare til å synge bursdagssongen for ein hovudperson som slett ikkje er til stades. Ho veit ikkje om bursdagsfeiringa på Grünerløkka, heller. Truleg har ho alt lagt seg i senga si heime på Skaugum. Ho er jo ikkje gamle jenta.

Men feirast skal ho likevel. Foreininga «Monarkiets vener» veit å gjera stas på dei kongelege når dei fyller år.

– Alle likar kongehuset
– Inst inne er alle nordmenn glade i kongefamilien. Det finst ein monarkist i alle.

Kristoffer Aune Kostveit (22) frå Rauland, leiar i Monarkiets vener, er bombesikker. Sjølv er han nok litt meir glad i kongehuset enn dei fleste, men han er urokkeleg i trua på at det også inni den mest kategoriske republikanar finst ei lita stemme som heiar på kongen og dronninga. Og på små og store prinsar og prinsesser – både innfødde, inngifte og ugifte.

Det er ikkje akkurat ein hobby, denne kongehusfascinasjonen til 22-åringen. Meir ei interesse, meiner Kristoffer.

– Eller ein lidenskap. He he. Nei då, seier han.

LES OGSÅ: Fleire på Stortinget vil kaste Kongen

«Monarkiets vener»
Kanskje er det ei sanning med modifikasjonar, det at det ikkje er ein lidenskap. Ei sanning er det uansett at Kostveit er opphavsmannen til foreininga som hyller det kongehuset står for.

Ei foreining som ynskjer å gjera folket medvitne på kongehuset sine tradisjonar, sin kulturelle posisjon, og si samlande og inkluderande tyding for nasjonen.

Ei foreining som ikkje ynskjer å framstå som nasjonalistisk og ekskluderande, men inviterer og oppmuntrar til ordskifte og opplysing om monarkiets rolle i samfunnet, understrekar vedtektene.

Foreininga, grunnlagt 13. november 2011, er registrert i Brønnøysundregisteret, og nettstaden heiltkonge.no er under utvikling.

Kostveit og dei tre andre styremedlemene legg ikkje skjul på at ein viss porsjon humor ligg bak etableringa av Monarkiets vener. Men kjærleiken til og respekten for dei kongelege er ektefølt – særleg til det norske kongehuset.

LES OGSÅ: Agnes Ravatn: Monarkist? Anakronist!

Fyrstekake og cava
Foreininga har blikket retta mot alle Europas kongehus, men har utøvande verksemd fyrst og fremst i Noreg, slår vedtektene fast.

Ein svært viktig del av denne utøvande verksemda går føre seg ved kongelege åremålsdagar. Då møtest foreininga, der alle medlemene er i starten av 20-åra, til bursdagsfeiring. Heimebaka fyrstekake er eit obligatorisk innslag ved alle feiringar. Elles står musserande vin ofte på menyen saman med den royale kaka.

Men ikkje denne måndagen. For det er den unge tronarvingen prinsesse Ingrid Alexandra sin niårsdag. Det let seg sjølvsagt ikkje kombinere med alkohol. Så cavaen er bytt ut med raud gele, sugerør og Non-stop.

LES OGSÅ: Har Kongen stemmerett?

Kongetallerkar og -koppar
Løkka-leilegheita til Kristoffer Aune Kostveit dannar ei perfekt ramme rundt den høgtidelege feiringa. Ein heil vegg er dekorert med så mange kongebilete og pyntetallerkar med kongelege motiv at sjølv den mest innbitne republikanar ville blitt reint andektig.

Det store biletet av ein majestetisk kong Haakon var starten på det som etter kvart blei ei omfattande samling av monarkistisk biletkunst. Det er visstnok tallerkane som gjerne er dyrast og mest eksklusive. Dei lagar ikkje norske kongetallerkar lenger, opplyser Kristoffer, med eit litt skuffa tonefall.

Men William&Kate-tallerkenen heng der, ein porselensmanifestasjon av det kongelege bryllaupskysset. Og to William&Kate-koppar står på bordet. Kongelege bryllaup er stor stas, og då møtest medlemene for å sjå heile fjernsynsoverføringa frå den storslåtte hendinga i lag. No ser dei fram til prinsesse Madeleine gifter seg med amerikanaren sin til sommaren. Sjølv om dei grøsser når dei tenkjer på den mykje omtalte trulovingsvideoen.

LES OGSÅ: – Slepp prinsessa fri!

Skal på signingsferd
Årsmøtet i Monarkiets vener blir kvart år halde den næraste helga til H.M. Kong Harald sin fødselsdag 21. februar. Det står i vedtektene. Men det er ikkje berre bryllaup og bursdagar som blir feira i løpet av det kongelege året.

– 17. mai er høgdepunktet, seier Kostveit, medan han blar i ei av kongebøkene sine, halvvegs fråverande.

– Sjå så fine dei er. Det er slikt som gjer at ein blir så fascinert, utbryt han når han blar om til to bilete av kong Haakon og dronning Maud, svart-kvite og med 30-tals avmålt eleganse spegla i andletstrekka.

Planen er også å få på plass byvandringar i Oslo for å studere arkitektur og hagar på kongeleg eigedom.

– Og når den dagen kjem at kronprins Haakon skal kronast til konge, vil me gjera som A. O. Vinje gjorde i si tid og gå til Trondheim, smiler Kristoffer.

No når han har sagt det høgt og offentleg er det ingen veg utanom, erkjenner han.

Trur på dronning Ingrid
Monarkistane håpar også å sjå at prinsesse Ingrid Alexandra ein gong blir dronning. Kristoffer og dei andre har stor tru på henne, akkurat som på foreldra hennar. Håpar ho blir ein god monark.

– Kva vil det seie å vera ein god monark?

– At ho er engasjert, og kan vise kjensler. Det er det norske kongehuset gode til. Og at ho til ein viss grad er liberal innanfor dei konservative rammene. Slik kronprinsesse Mette-Marit er, seier Kristoffer.

Han meiner det norske kongehusets medlemer greier å leve opp til folkets høge krav til dei. At dei er til stades for folket sitt.

– Og eg trur det er stort og viktig for folk i store kriser at kongefamilien viser at dei er der, seier han.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Søte og merkelige greier

Objektivt sett best
Rundt bordet i Toftes gate denne måndagskvelden går diskusjonane livleg blant styremedlemene Kristoffer, Hallvard Surlien, Runa Brevik Mykland og Marte Hvamb, og dei to andre frammøtte Arma Kunic og Matja Kostveit.

Blandar prinsessa Solo og Cola i glaset i dag som ho har bursdag? Kvifor blir me overraska når kronprinsen og kronprinsessa kallar kvarandre Haakon og Mette? Er det best å synge Kongesangen før eller etter maten? Kjem prinsesse Ingrid Alexandra til å lære seg å seie «r» før ho må halde nyttårstaler?

Og så dreiar samtala inn på det svenske kongehuset. Der er det litt dårlegare stilt, er medlemene samde om.

– Er det norske kongehuset i ei klasse for seg?

– Ja. Å ja, svarar Kristoffer kontant.

Kjærasten Runa er heilt samd:

– Absolutt. Og det meiner eg heilt objektivt.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE