Ut å telle fuglar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helga som kjem er nemleg den tradisjonelle Hagefugltellinga og Norsk Ornitologisk Forening (NOF) ynskjer å veta om grønfinken har kome attende etter magre år og om pilfinken for fyrste gong er meir talrik enn gråsporven. Mellom anna.

Dei fleste av oss har eit fuglebrett, og i sprengkulda nå får ein håpe at godsaker er å finne for fuglane.

Om lag 400.000 nordmenn matar småfuglar. Desse kjøper cirka 15.000 tonn med villfuglmat kvart år. Noko som bidreg til at mange fuglar klarar seg godt gjennom vinteren og at færre svelt i hel.

Vil du telle fuglar i helga? Du treng kanskje ikkje ut ein gong, men sitja godt og varmt inna glaset – hugs å fôre fyrst i så fall.

– Du skal notere det høgaste talet du ser på ein gong av kvar fugleart, og registrere dette etterpå, forklarar NOF.

Registreringa skjer via eit skjema på NOF si heimeside.

Har du ikkje høve akkurat i helga, kan du telle ein dag neste veke.

LES SAKA I FJUKEN!