Fiskarane tok meir laks

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fiskarane fekk 57 tonn, eller 13 prosent, meir enn året før. I tillegg blei 91 tonn fanga og sleppt levande ut igjen. Det melder Statistisk sentralbyrå.

Den avliva fangsten var fordelt på 448 tonn laks samt 55 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein auke på 14 prosent for laks og 7 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Størst auke i Finnmark
Det var auke i fangstane i dei fleste fylka. Størst auke hadde Finnmark og Troms, med høvesvis 38 og 10 tonn. Av fylka som hadde nedgang i fangstane i 2012, hadde Buskerud og Møre og Romsdal størst nedgang.

LES OGSÅ: Raude veljarar fiskar mest

Meir storlaks
Gjennomsnittsvekta for avliva laks auka frå 3,8 kilo i 2011 til 3,9 kilo i 2012. 25 prosent av laksen vog under 3 kilo og 38 prosent mellom 3 og 7 kilo. 37 prosent av laksen vog over 7 kilo. Tilsvarande tal for 2011 var respektive 21, 51 og 27 prosent.

Tana på topp
Tana med sideelvar var det viktigaste fiskevassdraget i 2012, med ein samla fangst på 51,1 tonn. Det er 12,5 tonn meir enn i 2011. Deretter følgde Gaulavassdraget og Altavassdraget. Rangeringa av elvane inkluderer både fangst som er avliva og fisk som er sleppt levande ut att.

LES OGSÅ: Professor: – Laksesjukdom ute av kontroll

Meir fang og slepp
Til saman 25 600 fiskar, fordelte på 18 600 laks og 7 000 sjøaure/sjørøye, blei fiska og sette levande ut i elva igjen i 2012. Tilsvarande tal for året før var 14 300 laks og 7 100 sjøaure/sjørøye. Gaula og Orkla var dei viktigaste vassdraga for dette fisket i 2012, med respektive 1 460 og 930 fiskar.

Finnmark var det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk, med drygt 5 200 laks og nærare 800 sjøaure/sjørøye. Deretter følgde Sogn og Fjordane og Nordland.

Gjennomsnittsvekta for fiskar som blei sleppte ut igjen, var 4,6 kg for laks og 0,9 kg for sjøaure og sjørøye.