Frå Vinje til Vinjerock

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange har venta tålmodig på at Odd Nordstoga skal entre scena på Eidsbugarden, og i år skal det endeleg skje. Med seg har han med Ingebjørg Bratland – dama som fekk tårene til å trille hjå sjølvaste Kongen, skriv Turid Lindboe Reite, pr-sjef i Vinjerock i ei pressemelding.

Den 1.mars slepp dei plata «Heimafrå». Nettopp tonane frå bygda dei begge kjem i frå, Vinje i Telemark, kjenneteiknar skaparverket som blir å finne i musikkhyllene framover.  

– Med kvar sin gitar og to songstemmer har musikken deira fått sin eigen klang. Her er ikkje noko band og ikkje noko orkester, berre dei to på ei scene med mjuke tonar og stemmeprakt. Så enkelt kan det gjerast. Vi er visse om at Odd og Ingebjørg kjem til å trollbinde Vinjerockarane med musikk frå sine eigne heimfjell øvst i Telemark, skriv Turid Lindboe Reite.

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje

Favorittar frå Bergen
Jentene i Bergensbandet Razika har vore som erteris sidan barneskulen. For to år sidan tok dei musikk-Noreg med storm då dei slapp albumet «Program 91».  Jentene fekk fantastiske kritikkar verda over, mellom anna i New York Times, NME, Village Voice, Uncut Magazine og Pitchfork. Det skal nemnast at halvparten av songane hadde norsk tekst, med andre ord var dette litt av ein prestasjon!

Singelen «Vondt I Hjertet» låg over 30 veker på P3 sine lister, og blei stemt fram til årets låt av Dagsavisen. Same avis kåra Razika til årets band og albumet enda opp som «årets beste album» på fleire lister.

LES OGSÅ: Hjartelyd frå 1991 

25. januar slepp jentene sitt andre album «På vei hjem», og allereie har låta «Oslo» tatt turen høgt opp på musikklistene.

– Vi gler oss som born til å danse til heftige rytmar og energisk ska-pop-rock på Eidsbugarden! seier Turid Lindboe Reite i Vinjerock.