Vil leita etter store mengder gull i rommet

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Firmaet Deep Space Industries vert lansert med mål om å hjelpe menneskeheita med å ekspandere i verdsrommet, ved å hente ut dei kolossale rikdommane som finst i rommet. Det melder nettstaden space.com.

Planen er å ha klar ei romfartøyflåte i 2015, for så å starte utvinninga av metall og vatn frå asteroide nær jorda i løpet av ei tiårsperiode. Slik meiner dei det vil vera mogleg både å bygge romfartøy og fylle drivstoff på dei, langt frå Jordas overflate.

– Å nytte ressursar hausta i verdsrommet er en einaste måten ein kan få råd til permanent utvikling i verdsrommet, seier administrerande direktør David Gump til Space.com.

I fjor passerte asteroiden 433 Eros, med 27 millionar kilometer avstand frå jorda. Den meinte forskarane innehelt meir gull enn det som finst på Jorda.

LES OGSÅ: Gigantisk gullklump passerer Jorda

10 år
Deep Space vil starte med inspisere potensielle gruvemål med 25-kilos romfartøy, som dei kallar FireFlies. Den fyrste er planlagt å vera klar i 2015. Det neste planlagde steget vil vera utviklinga av dei noko større romfartøya DragonFlies, som etter planen skal skytast ut i 2016. Desse skal frakte prøve frå asteroide tilbake til Jorda, og vera på oppdrag i verdsrommet frå to til fire år.

Planen er å starte utvinninga av metall og andre byggemateriale frå asteroide i løpet av ei 10 års periode, melder space.com. Desse komponentane skal fyrst nyttast til å bygge kommunikasjonssatellittar i rommet. Seinare vil firmaet konstruere rombaserte solenergistasjonar. Edle metall som platina skal fraktast attende til jorda for bruk her.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Firmaet skal og ta ut vatn frå asteroide, som splittast til hydrogen og oksygen. Ein vil då ha dei viktigaste ingrediensane for drivstoff til bruk i rommet. Slik ser selskapet for seg ”bensinstasjonar” i verdsrommet.

– Vi vil berre vera vitjande i verdsrommet fram til vi lærer korleis vi kan leve av ressursane der. Vår visjon er å finne, hauste og utnytte ressursane i rommet, så dei kan bidra til å redde sivilisasjonen vår og støtte utvidinga av menneskeheita utanfor jorda, seier Rick Tumlinson i Deep Space Industries til space.com.

LES OGSÅ: Vil henta straum frå verdsrommet

Deep Space Industries blir konkurrent til Planetary Resources som blei lansert i fjor. Mellom dei som har investert i dette selskapet finn ein Google-toppane Larry Page og Eric Schmidt.

Trur du det er mogleg med gruvedrift i rommet i løpet av dei neste 20 åra?