Friluftsliv som før var gratis har måtta vike for tanken om at det er nødvendig med dyrt utstyr.

NPK
NPK

Svensk forsking viser nemleg at folk pungar i snitt ut med ein sum som svarar til 11.500 norske kroner årleg for aktivitetar under open himmel. Det meste av pengane går med til utstyr og klede, skriv Forsking.no.

Ein liknande trend finn vi også i Noreg. Professor Gunnar Breivik ved Noregs idrettshøgskole trur at mange for tida har mykje pengar å spandere på fritidsaktivitetar. I tillegg har det blitt eit større krav om at alt skal vere i tipp topp stand og folk kjøper spesialisert utstyr sjølv for enkle ting.

– Skiturane er nok kortare i dag, men utstyret er mykje meir avansert, seier idrettsforskaren til Forskning.no.

LES OGSÅ: Med jakt og fiske som pensum

Han meiner det er negativt at ein slik trend kan gi eit inntrykk av at naturen ikkje kan nytast dersom ein ikkje har det rette utstyret.

– Det er klart at når dette breier om seg så skaper det eit press, særleg blant barn og unge. Akkurat som anna merkepress, seier Breivik. (©NPK)

LES OGSÅ: In å vera ute

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE