Ulovleg med ulik pris for dame- og herreklipp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ulovleg med dameklipp

Ombodet får mange spørsmål frå personar som reagerer på at frisørar har ulik pris for menn og kvinner, skriv Adresseavisen.

Ifølgje likestillingsombod Sunniva Ørstavik skal ikkje kvinner betala meir for klippen om han ter like lang tid som ein herreklipp.

– Likestillingslova forbyr forskjellsbehandling av kvinner og menn. Vi har tidlegare konkludert med at ulik pris til kvinner og menn er brot på lova. Prisen må vera knytt til tidsbruk og kompleksiteten til frisyren, ikkje kva kjønn kunden er, seier ho.

Olav Eikemo, direktør i Norske frisør- og velværebedrifter (NFVB), er einig.

– For å unngå forvirring, er det etter vårt syn betre å nemna alle behandlingar med «klipp», og så differensiera ut frå kor vanskeleg behandlinga er og kor mykje tid ein brukar, uavhengig av om kunden er mann eller kvinne, seier Eikemo.

Forbundet har gått ut med ei tilråding på heimesidene sine om at nemninga dame- og herreklipp ikkje lenger skal brukast.

I Danmark har likestillingsrådet bestemt at prisane skal vera like for menn og kvinner. Der har derimot frisørane reagert motsett. Dei raslar med saksene og vil gå til rettslege steg for å få avgjerda omgjort. (©NPK)

Er det på tide at det blir slutt på eigne prisar for dame- og herreklipp?