I fjor blei det sendt ut over 500.000 bøker frå haugenbok.no i Volda. Nettbokhandelen har lagt bak seg eit nytt år med vekst mens andre delar av bokbransjen slit hardt.

NPK-NTB-Kjell Sletta
NPK-NTB-Kjell Sletta
Faktaboks

Fakta om kjøp av bøker

* Eit aukande tal av bokkjørarar vel å bestille over internett. I fjor var det 17 prosent som valde denne kanalen, ifølgje ein undersøkinga Ipsos MMI gjennomførte for Bokhandlerforeningen.
* Bokhandlane held stillinga godt. I undersøkinga svarte 59 prosent at dei kjøpte si førre bok i ein bokhandel. Det er ein auke på 2 prosentpoeng frå året før.
* Bokklubbane taper marknadsdelar. Mens internettsalet gjekk fram frå 5 til 17 prosent av boksalet frå 2003 til 2012, gjekk bokklubbane tilbake frå 28 til 13 prosent.
* I alderen 25 – 39 er det 26 prosent av bokkjøparane som kjøpte si førre bok på nettet, opp 10 prosentpoeng siste år.
*70 prosent av folket har kjøpt ei eller fleire bøker siste året. 38 prosent svarar at dei kjøper fleire enn ti bøker årleg. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Ei undersøking Bokhandlerforeningen utfører årleg, viser at det er fleire bokkjøparar som vel å bestille papirboka si på internett. I fjor svarte 17 prosent av bokkjøparane at dei kjøpte den siste boka på nettet. Dermed passerte nettsalet bokklubbutsalet, og nettet er no den nest største salskanalen for bøker etter bokhandlarane.

Først og størst
– Vi var den første nettbokhandelen, og vi er framleis Noregs største nettbokhandel, seier dagleg leiar i Haugenbok, Lars-Ove Hammer.

Han fortel at omsetninga auka i fjor i forhold til året før som også var eit år i vekst. I 2011 selde selskapet i Volda bøker for 114 millionar kroner. Tala frå i år er ikkje klare enno. Men det er vekst, og veksten ser ut til å halde fram inn i 2013. Haugenbok er ein tradisjonsrik bokhandel i Volda. I 1980-åra starta dåverande eigar, Harald Haugen, postordresal av bøker og nådde ut til mange. Og i 1997 tok firmaet steget inn på internett. Det har vore ein suksess til no.

Bok på dagen
Boksalet over disk i Volda blei lagt ned i 2009, etter 80 års drift. No kjem bestillingane inn over internett og sendast ut med Posten. Bokhandelen har eit lager på 20.000 boktitlar, og sende i fjor ut 42.000 ulike titlar til kundane.

– Vi er også den raskaste internettbokhandelen, seier Hammer som støttar seg på ei undersøking gjort av selskapet Synovate som samanlikna dei store nettbokhandlane.

– Bestillingar vi får inn går ut same dag. Får vi bestillinga på ei bok før klokka 12, kan vi sende den som brev og då har kunden den dagen etter. Vi klarer det nok om bestillinga kjem ein time seinare også, seier Hammer.

Nettbokhandelen har 21 tilsette i Volda, og er den viktigaste kunden til Posten på Sunnmøre.

Bestiller på nett
Dei fleste kundane bestiller på nettet, men haugenbok.no lagar framleis ein papirkatalog og driv «vanleg» postordre.

– Mange finn bøker dei vil bestille i katalogen, men dei bestiller på nettet. Det er ikkje så mange kupongar vi får inn lenger, seier Hammer. Han fortel at ein stor del av salet før internett var større verk. No går det mest i enkeltbøker.

Undersøkinga frå Bokhandlerforeningen syner at nettboksalet har auka frå 5 prosent av salet i 2003 til 17 prosent i fjor. På same tid har bokklubbane tapt marknadsdel mens bokhandlane har styrkt seg. I fjor svarte 59 prosent at dei kjøpte den siste boka i ein bokhandel.

E-boka kjem
Undersøkinga tyder på framleis stor vekst i internettsalet av bøker. På spørsmål om kvar dei vil kjøpe si neste bok, svarar 32 prosent internett. I gruppa 25 – 39 år er talet heile 44 prosent.

E-boka kan skape nye endringar i kjøpsmønsteret, men akkurat no betyr den ikkje så mykje. Haugenbok.no har for lengst kome inn på denne marknaden, men salsvolumet er lite førebels.

– Som nettbokhandel er det viktig å vere med, men volumet er veldig lite og omsetninga er ikkje vesentleg for oss. Det betyr ikkje at ikkje dette blir viktig framover. Eg trur at med litt modningstid blir det meir og meir sal av e-bøker. På eit tidspunkt vil det bli store volum på salet, og derfor er det viktig å vere med på dette, seier Hammer som ikkje trur e-boka truar papirboka med det første.

– I nær framtid trur eg det blir meir vekt på e-boka, men papir vil ha ein svært sterk posisjon i mange år framover.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE