Høgre-kommunar kan spara mest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom dei 200 største kommunane i landet dreiv like effektivt som dei beste kommunane, kunne dei spara opptil 15 milliardar kroner, viser utrekningar frå NHO Service.

Det svarar til ein gevinst på 18 prosent ved effektivisering av områda sjukeheimar, heimesjukepleie og praktisk bistand, reinhald og drift av kommunale føremålsbygg.

Desse frigjorte midla kan ein bruka til å skapa meir velferd for i kommunane, for eksempel gjennom å byggja fleire sjukeheimsplassar eller gi fleire timar heimehjelp, seier næringspolitisk direktør Dag Ekelberg i NHO Service.

Tala er ikkje eintydige, men sparepotensialet per innbyggjar er noko høgare enn i dei små kommunane.

LES OGSÅ: Tapar millionar på kommunesamanslåing

– Analysane våre viser at både små og store kommunar har mykje å henta på å bli meir produktive og dermed få meir velferd att for pengane, forklarer Ekelberg.

NHO har også sett på kva parti som styrer kommunane med størst sparepotensial. 56 prosent av effektiviseringa kan takast ut i Høgre-styrte kommunar, 43 prosent i Ap-kontrollerte kommunar og 6 prosent i kommunar med Senterparti-ordførar.

– Vi har slik sett store forventningar til Høgre, men vi meiner jo at alle parti burde vore opptekne av å få mest mogleg ut av skattepengane, seier Ekelberg. Han understrekar samtidig at det er ein del uvisse knytt til analysen og at han ikkje er nokon fasit. Samtidig tilrår han at dei kommunane som ser ut til å ha størst sparemoglegheit, gjer sine eigne analysar. (©NPK)

Korleis meiner du kommunane kan effektiviserast?