Are Kalvø kjem med ny grunnlov

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø har ved hjelp av folket skrive ei ny grunnlov. Boka med tittelen Ny grunnlov er basert på serien Riksforsamlinga som startar på NRK i februar. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk – nokre av dei direkte tøvete – på å finne ut kva folk i dag eigentleg meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom. Det er no seks år sidan Are Kalvø gav ut den siste boka si, Våre vennar kinesarane.

Jon Fosse og Patti Smith kjem med dikt. Lars Mæhle debuterer som krimbokforfattarar der handlinga er lagt til Nordmarka, og forfattarduoen Kroken & Kolden følgjer opp med ny krimbok frå Gudbrandsdalen. Magnhild Folkvord har skrive biografi om Fredrikke Marie Qvam som var sentral i stemmerettskampen.

I høve Språkåret og den aktuelle sidemålsdebatten, kjem Janne Nygård og Vebjørn Sture med pamfletten Kva skal vi med sidemål? Argument og fakta. Kristin Fridtun kjem med boka Nynorsk for dummies.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Samlaget har tre debutantar i vår, to som skriv for vaksne; Erica Löfström og Odd Eirik Færevåg og Framtida.no-journalisten Marit Lajord som skriv for barn. Samlaget har som vanleg ei sterk barne- og ungdomsbokliste, mellom anna med nye, omsette bøker i seriane Cherub og Villheks av Robert Muchamore og Lene Kaaberbøl. Tidlegare brageprisnominerte Sunniva Relling Berg kjem med boka Beina i gitaren, og Tor Arve Røssland kjem med tredje boka om Svarte-Mathilda.

LES OGSÅ: – Nynorsken tvinga meg til å utvikle språket